onsdag, 10 desember 2014 15:02

Anmeldelse: «X-Men: Days of Future Past»

Written by 

Bryan Singer returnerer som X-Men-regissør i denne filmen, som utan tvil er den beste i serien sidan den forrige gongen han var involvert i ein mutantfilm (X2 i 2003). BD-utgivelsen får toppkarakter!

Videogramfakta:
X-Men: Days of Future Past (Blu-ray)
Fox Paramount / 2014 / 131 min
Video:  1080p AVC MPEG-4, 2.40:1
Audio: English DTS-HD MA 7.1, English AD DD 5.1
Utgivingsdato: 15.10.2014

Filmen:
Days of Future Past er i utgangspunktet tittelen på ei historie som utspant seg over fleire blad i X-Men universet i 1981. Denne mini-sagaen blei raskt enormt populær og er ei av dei mest kjente og populære historiene som omhandlar mutantane. Den handlar om ei dystopisk framtid der dei fleste mutantane er drept. Dei gjenlevande er i konsentrasjonsleir, og kjemperobotane i Sentinel-serien jakter på resten. Ein voksen Kitty Pryde (Shadowcat) reiser tilbake i tid til «notida», tek over kroppen til sin yngre motpart, og får X-Men sin hjelp til å hindre at eit fatalt augeblikk i historia tek stad som utløyser eit enormt anti-mutanthysteri som etter kvart leder til den nemnte framtida. Historia vekslar effektivt mellom notida (dvs. 1981) og framtida (2013, som utan tvil føltes veldig langt unna på det tidspunktet). Sjølv om dei i historia lykkast med å gjere det dei måtte i 1981, og den vaksne Kitty Pryde då forsvinn ut av kroppen til sitt yngre sjølv – formodentleg tilbake til si eiga tid – fekk vi aldri vite korleis det gjekk med det alternative 2013. Ting i serien indikerer at visse ting utviklar seg i retning av den nemnte framtida likevel, men på ein meir subtil og mindre direkte måte.

Denne historia blei produsert under X-Men si eventyrlege popularitetsbølge på tidleg 80-tal, noko forfattar Chris Claremont og teiknar John Byrne ofte får æra for. Historia signaliserte også starten på ei lita endring i Marvel sitt mutantunivers, med eit komande større fokus på mutantar som ei mistrudd, litt meir frykta og i aukande grad diskriminert befolkningsgruppe. Historia markerte slutten på den litt naive og uskuldige tida for mutantane.

Det låg litt i korta at dette var ei historie ein kunne forvente å sjå filmatisert. X-Men si overføring til filmlerretet fekk ein god start med den første filmen X-Men (2000). Oppfølgaren X2 (2003) var enno betre og har lenge blitt ansett som den beste filmen i serien. Filmserien var svært populær på denne tida, så folk gjekk mann av huse for å sjå den tredje filmen om mutantane. The Last Stand (2006) er difor framleis den filmen som har gjort det best i det amerikanske markedet, men den fekk usedvanleg hard medfart av både kritikarane og publikum. Det er velfortent, for samanlikna med dei føregåande to filmane er The Last Stand ein tøysefilm. Dei fleste filmar basert på ei teikneserie blir no til dags laga av folk som forstår sjangeren og tek teikneseriar som eit seriøst medium, men i The Last Stand blei uttrykket «teikneseriefilm» satt 30 år tilbake. Dette gav franchisen ein bråstopp. I staden for å halde fram med den etablerte gjengen blei det produsert ein spin-off film i X-Men Origins: Wolverine (2009), samt ei form for reboot i X-Men: First Class (2011) som fokuserte på dei tidlege åra til Professor X med nye skodespelarar involvert. Begge desse filmane blei godt tatt imot, og den andre solofilmen med Wolverine, ganske enkelt kalt The Wolverine (2013), blei produsert med ei avslutning som fører direkte inn i historia til Days of Future Past - omtrent på same måten som andre Marvel-filmar har hatt små linkar til komande titlar heilt på slutten. Dei gjekk med andre ord den lange vegen rundt for å bygge opp att serien, men det har vore ein god måte å setje opp serien for lengre suksess på.

Om ein tek med dei to Wolverine-filmane er Days of Future Past den sjuande filmen i X-Men-kronologien. Wolverine (Hugh Jackman) er utan tvil den mest populære karakteren frå serien, og det er difor ikkje ei overrasking at ei av endringane i filmen i forhold til teikneserien er at det nettopp er denne karakteren som blir sendt gjennom tida. Ei anna endring er at han ikkje blir sendt fram i tid, men tilbake frå notida til 1973. Dette gir han ein sjanse til å møte og interaktere med dei yngre versjonane av X-Men vi først møtte i First Class, noko som effektivt gjer dette til ein oppfølgar både til The Wolverine, First Class og The Last Stand. Etter mange år med frakterte historier blir alt samla igjen her. Måten det skjer på er rett og slett meisterleg gjort.

Som i teikneserien ser vi glimt både frå notida og fortida. Notidsglimta er mest brukt for å understreke at dersom Wolverine ikkje lykkast med oppdraget sitt i 1973 så vil alt være tapt. Det noverande laget vakter over kroppen til Wolverine for å gi han tid til å fikse ting i 1973. Dette er sekvensar som eigentleg ikkje burde fungert, men takka være nokre utrulege skodespelarkapasitetar i form av Patrick Stewart (Professor X) og Ian McKellen (Magneto) får desse sekvensane den tyngda som skal til. Alle filmar ønsker seg denne typen enorme talent, og vi ønsker også å sjå mykje meir av dei enn vi får, men samtidig er det i 1973 filmen eigentleg skjer. Like fullt fins det eit par morsomme synergiar, som møtet mellom den yngre (Charles McAvoy) og den eldre Professor X (Stewart).

Det å følgje Wolverine rundt i denne tida er morsomt, og møta med dei yngre versjonane av sine venner og kompanjongar er alltid interessant. Eit par nye fjes dukker også opp, og Quicksilver (Evan Peters) blei raskt ein personleg favoritt. Utan å avsløre for mykje vil eg nemne at sekvensen der han hjelper gruppa å kome seg ut ein høgt bevokta sikkerheitsanstalt er eit av filmens absolutte høgdepunkt.

Filmen inneheld fleire morsomme og tidsriktige referansar til det tidlege 70-talet, men heilt autentisk blir det sjølvsagt ikkje. Vi skal hugse at dette ikkje er 1973 i vår normale tidslinje, men 1973 i Marvel-universet. At det t.d. fins kybernetikarar som jobbar med produksjon av kjempedigre kamprobotar er difor heilt normalt. Men alt i alt er det ein veldig gjennomjobba og – trass alt – gjenkjennbar versjon av 1973 vi får servert.

I andre sentrale roller møter vi Michael Fassbender som den yngre Magneto, Jennifer Lawrence som Mystique og Nicholas Hoult som Hank McCoy/Beast. Halle Berry er også med som Storm – i heile to minutt av filmen – i likheit med Famke Janssen (Jean Grey) og James Marsden (Cyclops). Glorifiserte cameos, kan vi kalle det.

Bryan Singer vender tilbake til X-Men som regissør med denne filmen, noko dei fleste er begeistra over. Singer stod bak dei to første og gode filmatiseringane, men forlot skuta i forkant av The Last Stand for å jobbe med Superman Returns. Det var nok eit dårlig val for alle partar, og etter å ha kome tilbake igjen og gjort ein god jobb denne gongen håper nok dei fleste at han også vil være involvert i framtidige titlar. Det ser det ut som han blir: i desember 2013 annonserte Singer oppfølgaren  X-Men: Apocalypse, som i tillegg til å være ein oppfølgar til Days of Future Past også tek opp att trådar frå X-Men: First Class. Skodespelarar frå begge desse filmane vil igjen være involvert. Premiæra er førebels satt til mai 2016.

Days of Future Past blei kinolansert i Norge den 23. mai 2014, og blei sett i overkant av 141.000 personar. Den gjorde det svært godt internasjonalt også, og er den X-Men-relaterte filmen som har hatt den beste opningshelga på kino, og spelte til slutt inn bortimot $750M dollar, noko som også gjer den til den mest inntjenande X-Men-filmen totalt. At publikum over heile verda har trykka filmen til sitt bryst ser vi også på IMDb, der filmen i skrivande stund har tatt igjen X2 som den mest populære X-Men-relaterte filmen med ei rangering på 8,2.

Blu-ray disken:
Filmen kjem i vanleg blått plastomslag med BD-logo. Innhaldet er ein enkel Blu-ray disk i region A/B/C.

Omslaget er eksemplarisk og består av ein rein kinoplakat med logo øvst. Hugh Jackman har som einaste skodespelar fått kreditering over ein stor X-MEN logo, med undertittelen Days of Future Past plassert like under. Motivet er pent, og fokuserer hovedsakleg på Wolverine og Mystique sjølv om mange andre karakterar er gjengitt i mindre storleik under.

Baksida har enkel omtale av filmen (gjengitt på alle dei fire nordiske språka), ei oversikt over ekstramaterialet, samt vanleg kreditering og faktabokser.

Ved oppstart leder disken først inn i ein 20th Century Fox-logofilm, før ein trailer for den komande Ripley Scott-filmen Exodus – som utruleg nok ikkje kan skippast. Etter det er ein inne i hovedmenyen. Under ei rekke snuttar frå filmen kan ein velje «Play», «Set up» (lyd og undertekstar), «Search» (scenevalg samt ein bokmerkefunksjon) eller «Extras» (omtalt under).

Bildet (2D):
Days of Future Past er gjengitt via ei 1080p/AVC MPEG-4 overføring med ein aspektrate på 2.40:1. Den er spelt inn på Arris Alexa-digitalkamera, og for første gong også direkte i 3D for denne versjonen. Den har nok også tent 2D-versjonen godt, for i tillegg til ei eksepsjonell klarheit har den også endt opp med ei imponerande djubde.

Vi forventer etter kvart mykje av Marvel-filmatiseringane. Dei fleste av dei filmane som kjem frå Marvel/Disney sine storfilmar er bransjeledande på teknisk kvalitet, og vi får langt på veg desse høge forventningane innfridd også denne gongen. Detaljnivået er i det heile tatt det som imponerer meg mest. Alt står fram, frå hudporene til skodespelarane i nærbilde til detaljar heilt i bakgrunnen. Fargane er også sterke – nesten så sterke og spesielt plassert (inkludert det som kjem frå effektbruken og CGI) at eg er rimeleg sikker på at det har blitt jobba intenst med fargane i postproduksjonen. Men resultatet har blitt bra, så det er definitivt ikkje ei innvending.

Og medan eg er inne på visuelle effektar: filmen er som seg hør og bør full av desse, og dei er førsteklasses. Filmen er eit skuleeksempel på kva som er mogleg å få til i moderne filmstudio i dag, både teknisk sett og i forhold til saumlaus integrasjon.

Filmen er også svært stilsikker. Dei framtidige post-apokalyptiske sekvensane har ein herlig dyster estetikk med djupe blå- og gråfargar. Dette gir ein kontrast til 70-talssekvensane, som nærast har eit retro-skjær over seg i forhold til alt frå tonar, pop og fargebruk. Det kan følast som om tidsperioden blir spelt opp – så klart utan at den tekniske kvaliteten blir satt tilsvarande tilbake. Morsomt er det!

Kontrastane i bildet er sterke, og gjer at filmen sine mørkare sekvensar også framstår som tydelige. Dei svarte overflatene er svarte som blekk, og skuggane flotte og atmosfæriske.

Dette er ei veldig imponerande overføring. Days of Future Past har ein fantastisk HD-presentasjon som utan tvil kan brukast som demomateriale. Den ser rett og slett uforskamma godt ut på Blu-ray!

Lyden:
Den nyaste X-Men-filmen har også eit forrykande og effektivt lydspor, her i DTS-HD Master Audio 7.1. Det går gjennom lydmuren alt i opningssekvensen, og held det eigentleg gåande med imponerande lyddesign heile filmen gjennom.

Lydsporet gjer fabelaktig bruk av alle lydkanalane, og det opplevast definitivt som ein sit i sentrum av  alt som tek stad. Bruken av subtil ambienslyd er veldig god, og gjer at ein aldri heilt mister kjensla av å være tilstades. Når ting blir meir intens er det nesten som ein også føler dette på kroppen, ikkje minst gjennom ein til dels svært rumlande subwoofer. Eksplosjonar, kuler, ting som fell mot bakken, bilmotorar, føter som tungt spring avgarde... alt er både nøyaktig og livaktig gjengitt i den styrka lyden skal ha.

Det skjer som nemnt interessante ting i dei lavare frekvensområde bortimot heile filmen gjennom, så her skal subwooferen være tilkopla og godt skrudd opp. Vi får ikkje berre den sedvanlege rumlinga i kampsekvensane, men nyanserte effektar nesten for eikvar anledning, som eksemplifisert over. Ein lærer seg m.a. å identifisere Sentinel-robotane på lyden motorane deira lagar når dei flyg gjennom lufta, og ein vil av og til vite at dei er på veg før ein ser dei. Eg elskar lydspor som er meir enn berre eit tillegg til det som skjer på skjermen. Dei beste lydspora bidreg med eigen vital informasjon og er minst like viktig som det visuelle. Dette lydsporet er av denne typen.

Dialogen er også klart presentert og godt miksa, så ein høyrer kva som blir sagt sjølv i meir travle sekvensar. Lydsporet har ei vid rekkevidde og er full av både subtile og meir aggressive teksturar. Den generelle ambiensen og forskjellige effektar er godt og naturleg spreidd rundt i rommet.

Korleis best oppsummere lydmiksen og –designet? Jau, veldig enkelt: dette er fantastisk!

Bonusmateriell:
Bonusseksjonen er først og fremst fylt opp av ei mengd mindre fokuspresentasjonar og små bakomfilmar. Den definitive dokumentaren om produksjonen av denne filmen manglar, men ein får i staden mykje smått og godt:

  • Sletta scener (6 minutt). Fem sletta scener med alternativt kommentarspor av regissør Singer. Det finst mykje meir, men Singer forklarer at dette er klipp som er uaktuelt å bruke i andre utvida versjonar av filmen. Dette indikerer at nettopp ei slik utvida utgåve er på veg.
  • Kitchen Sequence (6 minutt). Singer fortel om nokre stemmeproblem han hadde under innspelinga, som gjorde at han i ei periode måtte prate med ei falsettstemme. I denne sekvensen ser vi han gi instruksjonar til Jennifer Lawrence (Mystique), som bryt ut i latter i ein serie med forsøk på opptak. Vi får også sjå den ferdige sekvensen.
  • Bloopers (6 minutt). Skodespelarar som roter det til, sekvensar som går galt, etc. Det er tydeleg at dei involverte virkeleg trivs saman og har det morsomt på jobb. Dette er i alle fall veldig morsomt å sjå på.
  • Double Take: Xavier & Magneto (12 minutt). Denne bakomfilmen tek for seg filmen sine tidsreise-aspekt, samt blandinga av originale og nye versjonar av forskjellige karakterar. Sekvensen der den unge og den eldre Xavier (James McAvoy og Patrick Stewart) møter kvarandre er spesielt omtalt og veldig interessant.
  • X-Men: Reunited (10 minutt). Ein bakomfilm som fokuserer på korleis dei to tidslinjene samt yngre og eldre versjonar av dei same karakterane blei fletta saman. Vi ser også meir om den sterke kjensla av familie på settet.
  • Classification: M (12 minutt). Vi kikar nærare på nye mutantar som blir introdusert i denne filmen, med detaljar om effektane og lydmiksinga som gjekk inn i å bringe evnene deira til live.
  • Sentinels: For A Secure Future (9 minutt). Fokus på dei enorme robotane som er brukt i filmen, og korleis dei designa henholdsvis 70-talsstilen og den meir moderne varianten.
  • Galleri: Trask Industries. Tre galleri med bilder som er brukt i filmen: «Mutant Experiments», «Blueprints» og «Sentinel Construction».
  • Trailers (7 minutt). Tre trailers med DD 5.1-lyd.
  • Second Screen App. Ein funksjon som tillet publikum å synkromisere avspeling med X-Men film appen for iOS og Android mobilar. Då vil ein via appane få presentert relaterte konseptskisser, produksjonsfoto, storyboards og mindre filmsnuttar medan filmen blir avspelt. Desse kan også sendast til hovedskjermen. Sidan eg er ein lykkelig brukar av Windows Phone fekk eg ikkje testa denne funksjonaliteten. Eg er uansett ikkje spesielt glad i denne typen konsept med å følgje med på fleire skjermar samtidig, og føretrekk definitivt at materialet er direkte tilgjengelig på Blu-ray disken!
  • Sniktitt på Exodus: Gods and Kings (1 minutt). Ein kort promo for Ridley Scott sin komande film, som vi alt blei tvunge til å sjå traileren av ved oppstart av disken (sjå avsnittet om Blu-ray-disken over).

Til saman utgjer dette ei fin blanding med bonusmateriell, men seksjonen manglar samtidig noko. Det er spesielt merkelig at filmen ikkje har kommentarspor (den første X-Men-relaterte filmen som mangler dette), og ein definitiv bakomfilm får vi heller ikkje her. Grunnen er openbar: det blir referert til ei utvida utgåve av filmen som skal kome, og spesielt i sekvensen med sletta scener blir det gjort eit poeng ut av at vi kun får sjå sekvenser som ikkje vil være med i den utvida versjonen av filmen. No treng ikkje det bety at andre ting også er holdt tilbake, men av ein eller annan grunn er det dette inntrykket eg får. Uansett kimser eg ikkje av det vi faktisk får servert her, som er trygt inne på «godkjent» og vel så det.

Oppsummering:
Etter ei rekke X-Men-relaterte filmar der ein har følt seg fram og prøvd å vinne tilbake publikum sin gunst etter fadesa med The Last Stand, er X-Men: Days of Future Past den genuine comeback-filmen. Den har også på toppen av det heile endt opp som ein av dei beste filmane i heile X-Men-franchisen.

Blandinga av fortid og notid fungerer godt, og gir historia ei episk ramme som er full av action og spenning. Samtidig held skodespelarprestasjonane eit svært bra nivå over heile linja og er med på å gi filmen ei tyngde ein ikkje alltid ser i denne sjangeren.

Det tekniske er også på plass. Overføringa av lyd og bilde er heilt fantastisk på denne utgivinga, med ein svært inkluderande og rikhaldig HD-presentasjon. Bonusmaterialet er mangfaldig og velprodusert, sjølv om det for det meste består av kortare bakomfilmar samt sletta scener/bloopers.

Vi veit at det vil kome ein utvida versjon til neste år som i alle fall vil bestå av ein lenger versjon av filmen, og antakelegvis meir bonusmateriale, så ein får vurdere innkjøp opp mot dette. Vurdert ut frå eigne merittar er dette uansett ein svært god disk som inneheld ein av sommarens store suksessar, og kanskje den aller beste filmen om X-Men så langt. Den kan trygt anbefalast!

Media

Svein Børge Hjorthaug

FILMANMELDER
H
igh-def.no
E-post

Bli fan på Facebook:
HIGH-DEF.no • VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no • JAMESBOND.no • John Berge • 007SHOP.no

Besøk andre nettsider fra JB Forlag:
VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no  JAMESBOND.no • 007SHOP.no • JOHNBERGE.com

Nyhetsarkiv

« September 2017 »
Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30  

Følg High-def

 

 

FB anbefalinger