tirsdag, 25 november 2014 17:08

Anmeldelse: «Divergent» (2-disc Special Edition)

Written by 

Kun for tenåringer, eller også noko for meir vaksne sci/fi-fans? Sanneleg! Divergent er også på videomarknaden med ein forseggjort utgåve.

Videogramfakta:
Divergent (2-disc Special Edition) (Blu-ray)
Nordisk Film / 2014 / 139 min
Video:  1080p High Definition Widescreen 2.40:1
Audio: DTS-HD Master Audio 7.1
Utgivingsdato: 11.08.2014

Filmen:
Divergent var for meg eit heilt ubeskreve blad. Eg visste ikkje mykje om filmen før eg satte meg ned med den, og kjenner heller ikkje til bokserien av Veronica Roth som den er basert på. Det eg såg var at det er ein futuristisk dystopisk postapokalyptisk sci-fi/action-film, og det er for så vidt eit interessant utgangspunkt.

La meg seie det først som sist: for å få eit positivt utbytte av filmen må ein godta premissa den legg til grunn. Dersom ein godtek at samfunnet har kunna utvikle seg slik det har gjort i denne filmen, ser på det som eit startpunkt og er villig til å følgje historia frå dette punktet, har filmen mykje å by på i forhold til intriger, utvikling av dei gitte premissa og eit persongalleri i utvikling. Dersom ein har problem med filmens premiss i utgangspunktet blir det ei desto tyngre oppleving å kome gjennom det heile.

Kva er så desse premissa?

Handlinga tek stad i ein framtidig versjon av Chicago etter ein stor og øydeleggande krig. Ein diger mur rundt byen beskyttar innbyggarane frå «villmarka», og innbyggarane er delt inn i fem distinkte faksjonar basert på kvar ein passar inn.

Alle i byen veks opp hos foreldra sine, men må ta eit val om faksjon ved 16-årsalderen. Alle tek ein test i forkant av valet for å få vite kvar ein eigentleg høyrer heime, og der finn Beatrice Prior (Shailene Woodley) ut at ho er «divergent» - dvs. at ho passer inn i fleire faksjonar, og dermed aldri vil passe heilt inn i nokon av dei. Dette er svært dårlig nytt, for desse er ansett som ein trussel mot samfunnet og blir som regel tatt av dage.

Neste dag under seremonien tek Beatrice like fullt eit val og går inn i ein av faksjonane. Der må ho tilpasse seg og ikkje avsløre seg sjølv. Det blir ei tøff periode, der ho i tillegg til å kjempe for å passe inn etter kvart oppdagar spor av eit større komplott. Det foregår eit maktspel mellom faksjonane i kulissane, og bakgrunnen hennar som divergent gjer henne motstandsdyktig overfor ymse påvirkningar som held dei forskjellige faksjonane i sjakk. Ho forstår kvifor folk som henne er ansett som ein trussel, og filmen går inn i ei veldig spennande fase der ho må prøve å stoppe eit blodbad. Men kven kan ho stole på?

Vi har sett fleire skildringar av denne typen sammfunnsdystopi tidlegare, t.d. i filmar som Equilibrium (2002) der alle former for kjensler er forbode og ein mann stig mot systemet for å bekjempe det. I Logan’s Run (1976) finn vi også eit perfekt samfunn beskytta av høge murar, der nokon prøver å rømme til utsida for å unngå å bli drept. Fans av science fiction hugser også garantert boka Brave New World (skreve av Aldous Huxley i 1931), der menneske også blei sortert ut til å utføre oppgåver for samfunnet. Denne historia blandar element frå alle desse, men legg i tillegg til intriger både internt i faksjonane, mellom dei, og på toppen. Det foregår mange ting på mange nivå i denne historia, og det er kanskje den største styrka til filmen.

Det er mange unge skodespelarar med her, samt nokre ringrevar. I tillegg til Woodley i hovedrolla finn vi Theo James (kjent frå Underworld-serien), Zoë Kravitz (ja, dottera til musikarpappa Lenny og Cosby Show-stjerna Lisa Bonet), Jai Courtney (hovedrolla i Die Hard 5 saman med Bruce Willis) og Miles Teller (som snart også blir å sjå i rolla som Reed Richards i komande Fantastic Four-filmar). I tillegg har vi gamle ringrevar som Kate Winslet, Ashley Judd og Ray Stevenson. Eg synes dei aller fleste gjer ein god jobb, i alle fall av dei som har mykje skjermtid. Eg synes karakterane har overraskande mykje djubde for ein film av denne typen – i alle fall om ein ser filmen under eitt. Og karakterutviklinga ligg også godt over snittet på denne typen dystopisk ungdomsfilm. Det skal skodespelarane ha sin del av kreditten for å formidle på ein svært bra måte.

Gitt den unge skodespelargruppa må eg innrømme at eg ikkje var sikker på kva publikumsgruppe denne filmen sikta seg inn mot, og om det var noko å hente for meg her. Filmen har heldigvis eit ganske breidt nedslagsfelt. Nokon ny Twilight er dette heldigvis ikkje, samtidig som filmen definitivt henvender seg til og ønsker å slå an blant eit yngre publikum. Akkurat det er ikkje eit problem dersom den samtidig har kjøt nok på beinet for dei som kanskje er meir interessert i dei meir dystopiske/sci-fi-elementa enn ungdomsromantikk. Ein finn begge deler i denne filmen, men fokuset er heile vegen på ei solid og interessant historie.

Filmen er regissert av Neil Burger, som også er kjent for  filmar som Illusjonisten og Limitless. Han har ofte vore involvert i lavbudsjettsproduksjonar, og er kjent for å klare å få mykje ut av begrensa ressursar. Denne gongen har han nok hatt litt meir å rutte med enn fleire gongar tidlegare, og det viser igjen i resultatet. Filmen ser imponerande og atmosfærisk ut. Eg har aldri kjensla av vala som er tatt har noko med budsjett eller enkle løysingar å gjere. Hans Zimmer står for musikken, og bidreg både med eigne ting i tillegg til å stå bak valet av passande artistar og låtar.

Filmen fekk opprinneleg ei 15-års aldersgrense av Medietilsynet, men etter at United International Pictures klaga på vedtaket blei denne satt ned til 11 år. Det var nok viktig for filmen, som utan tvil ser på tenåringssegmentet som ei stor publikumsgruppe. Divergent blei sett av nærare 110.000 på kino her til lands, og forventningane til fysisk sal var også ganske høge med rundt 25.000 fysiske eksemplar i butikkane. BD-andelen er på heile 35%.

Bokserien som filmen er basert på er i utgangspunktet ein trilogi, og denne filmen dekker altså hendingane i bok 1. Ein oppfølgar er alt på veg, med planlagt lansering på kino i mars 2015. Og det skulle ikkje forundre meg om det etter kvart også blir ein tredje film i denne serien.

Blu-ray disken:
Filmen kjem i blått slimline-omslag med BD-logo. Det er spesialversjonen som er lettast å få tak i, og den pakka inneheld to diskar: ein med filmen, og ein dedikert til bonusmateriale.

Omslaget er ryddig og med eit pent bilde av kinoplakaten. Ei blå stripe heilt øvst inneheld teksta «2-disc Special Edition». Like under får ein «Based on the international bestseller» i små bokstaver, og tittelen i store typar like under det igjen. Det betyr at det aller meste av omslaget er brukt utelukkande til bildet, som er Beatrice og Four på eit høgt utsiktspunkt med eit goldt bylandskap i bakgrunnen under dei. Det ser veldig bra ut og fungerer godt.

Baksida har enkel omtale av filmen og ei oversikt over ekstramaterialet, samt vanleg kreditering og faktabokser.

Ved oppstart kjem ein rett i ein språkvalgmeny (nordiske alternativ). Etter ein trailer for Nordisk film + rettigheitsplakatar starter eit heidundrande trailershow (5 stk.!), som kan skippast ein for ein. Deretter kjem ein inn i hovedmenyen med alternativ «Play movie», «Audio», «Subtitles» og «Special features».

Bildet:
Divergent er spelt inn digitalt med Arri Alexa-kamera, og kjem på Blu-ray med ei 1080p AVC-overføring i 2.40:1. Denne typen kamera tilfører ei skarpheit og klarheit som få kamera kan måle seg med, og det får ein her også. Men presentasjonen er likevel kanskje ikkje heilt så god som ein kunne håpe på.

Som vi ganske kjapt ser i ekstramaterialet er store deler av filmen spelt inn i studio med grønskjerm, og det som kanskje umiddelbart slår ein er at fleire av dei meir effektfulle sekvensane er uskarpe, sannsynlegvis på grunn av slett CGI-arbeid. Kontrastane i desse sekvensane varierer frå midt i blinken til å ha eit meir utvaska preg. Gitt filmens hang til mørkare sekvensar skulle ein også ønske seg perfekt kontrast i dei svarte overflatene og skuggane. Ingenting av dette er eigentleg dårlig, men ofte er det meir OK enn virkelig bra. Dette viser spesielt godt igjen dei gongane filmen når eit «virkelig bra»-nivå, for så å gå tilbake igjen.

Fargebruken i filmen virkar å være begrensa med vilje, med stor bruk av nøytrale eller mørke fargetonar. Det kler eigentleg filmen godt, sjølv om det kanskje blir litt mykje i lengda. Det er med på å skape veldig god kontrast dei gongane kulissene/lokasjonane endrar seg og ein ser meir til lyse og friske fargar. Men det er ikkje med på å gi kjensla av at ein sit og ser demomateriale. Sånn sett er det eit modig val, men eg trur filmen tener på det på andre måtar.

Presentasjonen elles er generelt sett ganske god med mange skarpe detaljar i klede, bygningar og landskapet rundt.

Lyden:
Lyden er god på det originale DTS-HD-sporet, og akkurat det ein kan forvente av ein blockbuster i denne kategorien: det lyder stort, og det er mykje lyd her. Lydeffektane ruller rundt frå kanal til kanal. Nokre lydar glir veldig behagelig frå side til side, som toget som går gjennom byen, medan meir eksplosive lydar – som automatvåpen som blir avfyrt – byr på ein skikkelig punch. 

Dialogen er godt presentert, og musikken er også brukt med god effekt i alle kanalar. Ein får også god LFE-effekt på musikksporet, men samtidig er det overraskande lite bass i actionsekvensane. Der kunne filmen hatt godt av langt djupare lydspor enn den blir tilgodesett med.

Bortsett frå dette er lydsporet problemfritt og med ei dynamisk rekkevidde som når både vidt og breidt (om ikkje alltid djupt).

Bonusmateriell:
I utgåva som er i butikk no får ein som nevnt med ein ekstra disk med bonusmateriale. Det gjer sitt til at vi får ei solid dose med denslags.

På hoveddisken:

  • Kommentarspor (2 stk). Regissør Neil Burger gir oss eit kommentarspor for seg sjølv, og gir oss ein litt tørr og scene-spesifikk gjennomgang som rett og slett ikkje er spesielt givande. Det andre sporet er ein hakket meir interessant samtale mellom produsentane Lucy Fisher og Douglas Wick, der dei går inn på spesifikke aspekt ved produksjonen, rollesettinga og andre detaljar.
  • Sletta Scener (4 minutt). Interessante ekstraglimt som godt kunne ha vore med i filmen. Filmen er i utgangspunktet ganske lang, og det er nok grunnen til at dei har trimma den.
  • Musikkvideo (4 minutt). Ellie Goulding sin video til tittellåta Beating Heart.
  • Marketing Gallery. Denne delen inneheld to trailerar frå filmen samt eit kort postergalleri

På bonusdisken:

  • Bringing Divergent To Life (47 minutt). Dokumentaren om filmproduksjonen er delt inn i fire delar som tek for seg forskjellige deler av prosessen, intervju med skodespelarar og involverte, og mange glimt frå bak kamera. Filmen har mange finurlige visuelle element som vi ser bli til her. Interessant og informativt.
  • Faction Before Blood (14 minutt). Ein kikk på faksjonssystemet som bøkene og filmserien legg til grunn for handlinga.
  • Behind the Scenes (8 minutt). Intervju frå skodespelarar og involverte om forskjellige aspekt ved manus og filmproduksjonen.
  • The Look of Divergent (3 minutt). Ein kort diskusjon om produksjonsdesign og vala som ligg bak filmen sin utforming. Litt vél kort, kanskje?
  • Meet Four (2 minutt). Ein kort presentasjon av ein av dei viktigaste karakterane i filmen. Også denne kunne gjerne ha vore litt lenger.
  • Choice (2 minutt). Ein kort diskusjon om dilemmaet ein står overfor når ein må ta eit val som påverkar resten av livet ein har foran seg. Dette har dei alt diskutert i tidlegare segment og eg forstår ikkje heilt kvifor vi treng snaue to ekstra minutt om dette servert på denne måten.

Mengda med veldig korte ting på slutten gir eit inntrykk av at ein ønsker å gjere lista med ekstramateriell lenger enn den elles kan virke som. Det mindreverdigheitskomplekset er heilt unødig, for det vi får held mål i massevis.

Ein ekstra disk med bonusmateriale i tillegg til hovedfilmen lover alltid godt, men samtidig fins det mange filmar med like mykje bonusmateriale på same disken som hovedfilmen. Grunnen til at det er to diskar i dette tilfellet er sjølvsagt at filmen er lang og fyller det meste av hoveddisken. Då skal ein ikkje ta for gitt at ein ekstra disk blir lagt til for å få med alt, så stor kudos for det!

Oppsummering:
Divergent gjorde det skarpt på kino ved lansering, men fekk samtidig ein del blanda kritikkar. Det som ofte har blitt framheva negativt er eit forutsigbart plott, og at trass ein del virkeleg store idear har dei ofte ein litt traust tilnærmingsmåte. Den kritikken skal eg til ei viss grad være einig i. Andre meiner også at mytologien i bøkene, samt den sterke bodskapen om individualisme, er vatna ut i iveren etter å hovedsakleg henvende seg til eit ungt publikum. Dette er eg derimot ikkje utan vidare med på. Hovedrolla sin kamp for å passe inn, kampen mot konformisme og konsekvensane denne typen val får for alle er hovedtemaet i filmen, og spør du meg blir det endåtil litt overtydeleg til tider.

I meir positiv forstand blir skodespelarinnsatsen til hovedrollene – spesielt Shailene Woodley og Theo James – bortimot universelt framheva. Det er velfortent, for dei leverer svært bra og er begge med på å gjere filmen meir truverdig. Det er også veldig morsomt å for ein gongs skuld sjå Kate Winslet i ei ekte «bad guy»-rolle. Filmen har også perfekt framdrift, og blir etter kvart rett og slett drivande spennande.

Filmen er også full av action, stilistisk interessant og med god framdrift. Historia er også god, sjølv om hovudlinjene er som forventa og nokre av dei endelige konfrontasjonar mot slutten av filmen nærast er overtydelege frå starten av. Det er likevel rom for overraskingar i form av mindre plottwists, og eg er også fascinert av verdsbildet og set pris på måten vi stadig får eit større innblikk i korleis ting fungerer og kva som til eikvar tid skjer.

Versjonen av filmen du finn i butikkane byr på mykje bra bonusmateriell, og den tekniske presentasjonen er også godkjent med bra HD-kvalitet på både bilde og (spesielt) lyden. Alt i alt er dette ei pakke som vil appellere til alle fans av sjangeren, og spesielt (men langt ifrå kun) dei yngre publikumsgruppene. Eg ser fram til neste avsnitt i 2015!

Media

Svein Børge Hjorthaug

FILMANMELDER
H
igh-def.no
E-post

Bli fan på Facebook:
HIGH-DEF.no • VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no • JAMESBOND.no • John Berge • 007SHOP.no

Besøk andre nettsider fra JB Forlag:
VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no  JAMESBOND.no • 007SHOP.no • JOHNBERGE.com

Nyhetsarkiv

« September 2017 »
Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30  

Følg High-def

 

 

FB anbefalinger