søndag, 23 november 2014 21:43

Anmeldelse: Hobbiten: Smaugs ødemark – Extended Edition

Written by 

Presentasjonen av lyd og bilde er heilt framifrå i Hobbiten: Smaugs ødemark – Extended Edition. Tilleggsmaterialet er utan tvil det mest imponerande.

Videogramfakta:
Hobbiten: Smaugs ødemark – Extended Edition (Blu-ray)
SF Norge. / 2014 / 186 minutt
Video: 1080p MPEG-4 AVC 2.40:1
Audio: DTS-HD Master Audio 7.1 (48kHz, 24-bit)
Utgivingsdato: 4.11.2014

Filmen:
Så var den omsider her – den andre Hobbiten-filmen, i utvida utgåve!

Filmen kjem akkurat til forventa tid. Syklusen for Peter Jackson sine filmar frå Tolkiens univers har etter kvart blitt godt etablert. Filmane går på kino i førjulsesongen, medan dei fysiske formata dukker opp utpå våren. Dei utvida utgåvene av desse formata kjem utpå seinhausten, noko som gir ei fornya interesse for filmserien før den neste oppfølgaren kjem på kino igjen før jul. Syklusen er like innarbeida som den er velfungerande.

Smaugs ødemark er den andre delen i filmtrilogien om hobbiten Bilbo Baggins (Martin Freeman), som har lagt ut på ei reise saman med trollmannen Gandalf (Ian McKellen) og tretten dvergar leda av Thorin Oakenshield (Richard Armitage). Dei er på veg til fjellet Erebor som huser dverganes tapte rike og skattane deira. Etter å på dramatisk vis ha kome seg over dei enorme Tåkefjella i den første filmen, held reisa no fram i den andre, og denne gongen er det m.a. den enorme skogen Myrkskog som venter.

I anmeldinga av den første filmen var eg inne på bakgrunnen til filmen, boka som starta det heile, tidlegare forsøk på filmatisering og utfordringane ved å ta på seg eit slikt prosjekt. Dette er framleis interessante poeng som bør takast med når ein skal diskutere denne filmatiseringa, men det synes unødig å nemne dette ein gong til. Spesielt interesserte må dog gjerne ta ein titt på anmeldinga av den første filmen her.

Det er alltid spesielt fascinerande å sjå/vurdere filmar som ligg i midten av ein trilogi. Dette er ei vanskelig plassering, og mange av desse andrefilmane har eit litt keitete «midtfilm-syndrom». Dei manglar ofte den gode starten som den første filmen byr på, og har heller ikkje alltid ein komplett eller tilfredsstillande slutt. I beste fall byr dei ofte på ein cliffhanger, men det blir sjølvsagt veldig lenge å vente på den siste delen. Film nummer to av tre kan difor fort bli opplevd som frustrerande og lite eigna til å fungere som ein film på eigne bein. Tå tårn, den andre av dei tre Ringenes herre-filmane, hadde definitivt spor av dette og var utvilsamt den filmen som fungerte minst bra av dei tre.

Det er difor svært gledelig å sjå at den andre Hobbiten-filmen fungerer langt betre som ein sjølvstendig film. Bakgrunnen blir greitt oppsummert (godt hjulpe av at den er veldig enkel å oppsummere i tilfellet Hobbiten, men likevel), og den delen av reisa som Bilbo og dvergane går gjennom i denne filmen er også rimeleg sjølvstendig i forhold til det dei gjorde i den første filmen. Utan å seie for mykje om slutten bygger den seg også opp mot eit godt klimaks. Om det ikkje direkte er snakk om ein cliffhanger er det definitivt ein slutt som bygger opp ei spenning og forventning til den tredje og siste filmen. På mange måtar står ikkje Smaugs ødemark tilbake på noko område frå den første filmen i serien. Det er i det heile tatt vanskeleg for meg å seie kva for ein av dei eg likar best. Det ser eg på som ei styrke.

Som i den første filmen får vi gjestespel av karakterar/skodespelarar frå Ringenes herre-filmane. Sist var det Frodo (Elijah Wood) som var med, men det var berre eit glimt i starten. Denne gongen dukker Legolas (Orlando Bloom) opp, og overraskande nok har han ei langt større og direkte sentral rolle i Smaugs ødemark. Sjølv om Legolas ikkje akkurat er min favorittkarakter har eg – trass i alle forventningar – ingen problem med dette. Følget reiser tross alt gjennom alvekongens område i skogen der Legolas kjem frå. Karakteren hadde garantert vore med i Hobbiten dersom Tolkien hadde skreve Hobbiten og Ringenes herre samtidig. Legolas var rett og slett ikkje «født» enno då Hobbiten-historia blei forfatta.

Det er langt meir bemerkingsverdig at ein heilt ny karakter har blitt lagt til historia. Alven Tauriel (Evangeline Lily) vaktar grensene til alvanes rike i skogen saman med Legolas, og blir viktig for historia då ho utviklar sympati for dvergane og reisa dei er på. Karakteren passar godt inn i historia og bidreg med veltrengt drama på dei rette plassane.

Dessverre klarer Jackson som vanleg ikkje heilt å holde seg. Det er tydeleg at han har sansen for trekantdrama, der han m.a. gjekk veldig langt i å antyde dette mellom Aragorn, Eowyn og Arwen i Ringenes herre-serien. Vi får eit liknande trekantdrama her, mellom Tauriel, Legolas, og – av alle moglege kandidatar – dvergen Kili (Aidan Turner)! Det såg eg ærlig talt ikkje kome, og er eit av elementa i filmen som tøyer strikken lengst i forhold til Tolkiens utgangspunkt. Tolkien beskreiv vennskapet mellom Legolas og Gimli i Ringenes herre som eksepsjonelt sidan dvergane og alvane «aldri» hadde eit genuint vennskap før desse to. No har Jackson knust den myta ein gong for alle ved å introdusere noko langt meir enn vennskap mellom ein alv og ein dverg, og det ca. seksti år før Gimli og Legolas møttes. Hadde det kledd filmen skulle eg likevel ikkje sagt noko, men den gong ei. Det blir meir Hollywood enn Tolkien over portretteringa av denne filmromansen. Eg gir likevel eit pluss for Legolas sitt ubetalelege uttrykk då han forstår at det er noko i lufta mellom alvedama og dvergen.

Trollmannen Gandalf blir ikkje med Bilbo og dvergane gjennom skogen. Han må dra for å undersøke utviklingar som bekymrer han. Det gjer han også i boka, men der boka utelukkande følger Bilbo og dvergane får vi i filmen innblikk i kva Gandalf gjorde på avstikkarane sine. Dette fins det til ei viss grad kjeldemateriale frå Tolkien om, og Jackson har integrert dette og fylt ut detaljane på ein veldig god måte i filmen. Dette er også med på å gjere filmen litt meir spennande for dei av oss som alt har levd med boka i ein halv mannsalder.

Eg har framleis blanda kjensler overfor den visuelle presentasjonen av dvergane i filmen, som forvirrande nok varierer veldig. Nokre tek seg veldig bra og «dvergske» ut, medan andre ikkje ser ut eller følast som dvergar i det heile tatt. Dragen Smaug tek seg derimot svært bra ut, og hans framtoning er eit av dei største høgdepunkta i filmen.

Den utvida versjonen av filmen har nærare 25 ekstra minutt som er ei blanding av nye og utvida scener. Det nye materialet styrker ei allereie sterk historie, og bidreg definitivt til å gjere filmen meir underhaldande. Mange av dei nye sekvensane har dialogsnuttar som ikkje er direkte sentrale til det som skjer, men dei gir ein flyt og eit tempo som kler filmen. Den største skilnaden er den flotte sekvensen i Beorn sitt hus når Gandalf gradvis introduserer seg sjølv og dvergefølget til Beorn. Samtalen mellom Gandalf og Radagast er også noko lenger, akkurat som eit par av scenene med borgarmeisteren i Langsjøby. Dei nye sekvensane som gir filmen mest er dog utan tvil dei utvida sekvensane frå Myrkskog som i større grad viser følget si forvirring der dei prøver å følge stien gjennom skogen og etterkvart går seg vill. Sekvensen virka litt knapp tidlegare, men no er atmosfæren av klaustrofobi og paranoia langt bedre.

Visuelt sett er filmen fantastisk. Det er berre å lene seg tilbake og nyte alt frå fantastiske lokasjonar, lekker effektbruk og imponerande scenografi. Kameraet er igjen nydeleg handtert av Andrew Lesnie, som har involvert i Tolkien-filmatiseringane sidan den første Ringenes herre-filmen. I det heile tatt er store deler av mannskapet folk som har vore med på laget sidan starten: Fran Walsh er som vanleg Jackson’s høgre hand i produksjonsteamet. Dan Hennah er produksjonsdesigner.  Howard Shore står for musikken. Jabez Olssen har klippa og redigert. Og dei digitale effektane er som alltid levert av WETA Digital.

Når ein ser teamet i aksjon gjennom alle timane med bonusmateriale så får ein eit klart og tydeleg inntrykk av at dette nærast er som ein familie, og når teamet yter maksimalt og finn så stor glede i å jobbe saman er det ikkje rart at ein prøver å få det same teamet som har gjort det så bra tidlegare. Eit godt team bak kamera er veldig viktig, og det fins inga tvil om at dette teamet fungerer svært bra og er med på å heve resultatet.

Som forventa gjorde filmen det svært bra på kino, og blei den fjerde største publikumssuksessen på verdensbasis frå 2013 med totalinntekter på nesten 960 mill. dollar. Dette er også nok til å gjere den til den 25. mest inntjenande filmen gjennom tidene. Dette er litt lavare enn den første filmen i serien som framleis har 18.-plassen, men forhåpningane er store til at den komande avslutninga på trilogien, Femhærerslaget, vil gjere det best av dei tre.

Blu-ray disken:
Hobbiten: Smaugs ødemark har blitt lansert i fleire ulike fysiske videogramutgåver.

  • Den vanlege kinoversjonen som kom i vår fins som 4-disk Blu-ray 3D-versjon, ein 2-disk Blu-ray versjon og ein 2-disk DVD-versjon. I tillegg kjem Blu-ray utgåva i to ulike spesialforpakningar – ei 2-disk steelbook og ei 2-disk med 3D-omslag.
  • For den utvida utgåva, som er den vi snakkar om i denne omgang, kjem den på Blu-ray 3D, Blu-ray og DVD.

Sjølv har eg den utvida 3-disk Blu-ray utgåva, som (i likheit med dei andre utvida utgåvene) kjem i eit eige etui av stiv papp. Framsida er forma som ei ramme der ein ser inn på omslagsmotivet. Sjølve plastetuiet som ligg inni er svart med den vanlege BD-logoen. Innhaldet er tre Blu-ray diskar (region B) utan andre vedlegg, der disk ein er den utvida filmen og disk to og tre er via til ekstramateriellet. Dette følger akkurat same formatet som den første Hobbiten-filmen.

Omslaget er svært pent. Ein i utgangspunktet liten detalj som svart plastetui betyr meir enn ein skulle tru for heilheitsinntrykket, og bildepresentasjonen er stilrein og eksemplarisk. Øvst i det venstre hjørne står det «Extended edition» over logoen og filmtittelen. Resten av omslaget er den flotte filmplakaten. Baksida er ikkje stort verre. Ei kort tekst øvst fortel om denne utgåva av filmen, over ei remse med pent innramma bilder. Det følger ei ryddig oversikt over kva ein får på kvar av dei tre diskane, med fokus på bonusmaterialet. Nedst kjem vanlege krediteringar og faktabokser. Det heile er svært, svært pent. Eg merkar meg at all teksta er på engelsk, noko som neppe er eit problem for målgruppa til denne litt meir påkosta utgåva.

Ved oppstart tek det litt tid før disken laster opp ein kort WB-trailer og ein MGM-trailer, men til gjengjeld går vi kjapt inn i hovedmenyen utan andre sidespor. Menyspråket er engelsk utan val av språk i forkant. Menylinja er plassert nedst på skjermen: Play movie, Scene selections, Languages, Special features. Over menylinja glir eit kamerabilde sakte gjennom området utanfor Beorn sitt hus medan ein høyrer utdrag av morsom dialog mellom han og Gandalf. Dette er interessant å følgje med på sidan ein her får eit betre inntrykk av denne lokasjonen enn ein gjer i filmen.

Bildet:
Når ein får servert den andre filmen i ein serie på tre veit ein kva ein går til. Spesielt når filmane har blitt produsert samtidig og med akkurat det same produksjonsgrunnlaget. Då skal det rett og slett ikkje være enorme skilnader mellom dei, og det er det heller ikkje. Kvaliteten og presentasjonen er svært samanliknbar med den første filmen, og det eg i si tid skreiv om denne gjeld såleis framleis for film nummer to.

Det er uansett framleis verdt å påpeike at alle Hobbiten-filmane blei spelt inn i HD med eit Red Epic kinematografisk HD-kamera. Filmane blei såleis spelt inn i ekte 3D og ikkje konvertert i postproduksjonen slik så mange andre filmar blir, noko som utvilsamt kjem sjåarane av 3D-versjonen til gode. Eg har derimot bedømt 2D-versjonen, som kjem i ei AVC/MPEG-4 1080p-overføring. Det fokuset som 3D-tilnærminga gir til djubde ser ut til å ha kome 2D-versjonen til gode også, for bakgrunnsaktivitetar og diverse informasjon går svært djupt i bildet. Dei mange dimensjonane og ein fantastisk separasjon er med på å drage sjåaren inn, og er rett og slett ei fryd å sjå.

Hobbiten-filmane er dei første med utbreidd distribusjon som blei spelt inn med 48 bilder pr. sekund, noko som er vesentleg meir visuell informasjonen enn vanleg. Filmen blei annonsert med taglinja «High Frame Rate» til publikum, sjølv om dei fleste kinoane viste filmen med industristandarden på 24 bilder pr. sekund etter at filmen blei konvertert. Filmen har uansett utan tvil svært bra bildekvalitet, slik alle HD-filmar skal ha. Om dette er pga. den høge bilderatioen skal være usagt. Det er ikkje slik at dei ekstra rammene løfter filmen opp i ei klasse for seg sjølv, men at den er i det øvre sjiktet for bildekvalitet er det inga tvil om. Ein ser kvart eit blad på treda, kvart grasstrå på bakken og nesten også kvar småstein på stien. Presentasjonen er konsistent detaljert og knivskarp, og avslører kvar ein minste slitasje i klede, rustningar, bygningar og anna. Alskens hårstrå og ansiktsporer kjem også tydeleg fram.

Kameraføringa er også i særklasse. Bildet glir inn og ut etter behov utan den minste hint av skjelving eller handhalding, og fangar opp alt det skal i tillegg til herlige detaljar. Fargane er også fantastiske, og eg merker at dette ikkje er opp til tilfeldigheitene. Generelt er fargebruken med på å understreke humør og stemning i filmen. Kontrastane gir også ekstraordinær synlegheit til bakgrunnane, der kvart eit minste element (t.d. dei typiske New Zealand-steinformasjonane ein ofte ser i landskapet i filmen) står fram. Ein skulle nesten tru at mykje av dette er lagt på i postproduksjonen, men som vi ser i ekstramaterialet: for det aller meste har ikkje dette vore naudsynt.

Skal ein først leite etter noko å pirke på må det bli dei lavare lysnivåa. Filmen byr for det aller meste på nydelege, kolsvarte flater, men eg føler kanskje at mange av skuggane av og til blir meir diffuse og framstår som grumsete. Trass dette er denne overføringa bortimot eksemplarisk og alt i alt svært, svært god.

Lyden:
Lydsporet ligg, akkurat som bildekvaliteten, på det same høge nivået som den første filmen.

Det engelske lydsporet er gjengitt i eit robust DTS-HD Master Audio 7.1-miks (48kHz/24-bit). Den dynamiske rekkevidda er rett og slett utruleg breid og krystallklar. Kvar ei lita knitring og spraking frå dragen Smaug sin ildpust er distinkt og presis, og gir ein utruleg realisme når den tordnande lyden spreier seg langs den fremste delen av lydanlegget og beveger seg bakover i rommet. Gjennom actionsekvensane er den øverste dynamiske rekkevidda gjengitt presist, som gir alt frå klirrande metallsverd til orkehyl ei presis gjengiving utan å ta for mykje plass. Samtidig er dialogen plassert trygt og godt, og velprioritert, i sentrum.

Howard Shore sin fabelaktige musikk har ei veldig naturleg balanse i lydbildet. Instrumenteringa er luftig, og bidreg med alt frå emosjonelle stemningar der det krevs til også å bygge under dei forskjellige lydeffektane. Spesielt imponerande er korleis dei meir skarpe lydane som orkemarsjering og sverdslag får ei flott 360-graders spreiing der også musikken i stor grad bidreg.

Dei bakre kanalane er fulle av forskjellig ambiens heile filmen gjennom, noko som bidreg til eit veldig levande miljø. Som forventa kan ein gjennom fleire kampscener høyre piler suse gjennom rommet, sverd som klinger, og fottrinn frå forskjellige retningar. Ein sekvens der masse orkar kom svermande bakfrå og framover var spesielt effektfullt, saman med sekvensen der dvergane er i ferd med å bli angripe av orkar i Langsjøby. Orkane sine fottrinn der dei spring over taket kan bli hørt av publikum, og kameraet glir inn og ut for å understøtte lydane og karakterane sin persepsjon. Dette gir eit imponerande 360° lydlandskap der lyden av og til kan bety meir enn bildet i enkelte sekvensar.

Som sin forgjengar, kjem lyddesignet også her med eit tidvis kraftfullt LFE-spor. Eg skulle gjerne ønske at det var litt meir konsistent brukt, for ofte ligg lydsporet i dei midtre eller øvre lydskikta. Det gjer i det minste bassen desto meir effektiv når den først dukker opp, og når den gjer det er den definitivt av typen som kan få veggane til å riste. Hestehovar hamrar i bakken, Wargane (orkeulvane) sine brøl er djupe, og fleire av kampscenene får sjølvsagt alt til å vibrere. Høgdepunktet er definitivt dei nemnte sekvensane med Smaug, der fottrinna hans, og spesielt ildpusten, gir maksimal effekt. Bassen har ei fin rolle også i Howard Shore sitt soundtrack, noko som gir musikken eit fint register og desto meir vekt når det trengs.

Dette er summa summarum ein utruleg flott lydmiks, der spesielt sjølve lyddesignet og kanalbruken er rein perfeksjon.

Bonusmateriell:
Alle dei fysiske videogramversjonane av Hobbiten: Smaugs ødemark (Extended Edition) har to fulle diskar - over ni timar! – med bonusmateriale, der det meste kun fins på desse utgåvene.

På den første disken der ein også har sjølve filmen, finn vi:

  • Kommentarspor. Peter Jackson og medforfattar Philippa Boyens leverer også denne gongen eit djuptpløgande og engasjerande kommentarspor. Mykje av bakgrunnen til filmen blei dekt i kommentarsporet til den første filmen, men dei har framlei ikkje sluppe opp for alskens detaljar og anekdoter, og prater villig vekk. Dei snakkar m.a. manusarbeid og –endringar, scener frå Tolkiens bøker og utfordringane med å overføre dei til film, historier frå innspelinga, scenedesign og mykje meir. At dette er eit draumeprosjekt for dei skin igjennom og entusiasmen er smittande.
  • New Zealand: Home to Middle-Earth, part 2 (HD, 7 minutt). Den første delen var ein del av bonusmaterialet til den første filmen, så det er grunn til å tru at vi får den tredje delen om eit års tid. Vi følger framleis Jackson og filmteamet rundt i det flotte landskapet på New Zealand, får sjå fleire av lokasjonane der filmen blei spelt inn, og masse positive kommentarer frå skodespelarane. Det heile ender opp som ein nokså einsidig skrytefilm, og den hadde ikkje klart å selge inn New Zealand bedre om den så hadde blitt kjøpt og betalt av turistrådet. Noko ein nesten kan få mistanke om at den har.

Den andre disken har tittelen «The Appendices Part 9: Into the Wilderland», medan den tredje disken er kalt «The Appendices Part 10: The Journey To Erebor». Nummereringa av diskane med ekstramateriell held altså fram frå Ringenes herre-filmane, som tilsaman baud på Appendices 1-6, og det er difor grunn til å forvente disk 9-12 i denne serien med ekstramateriell frå Middle-Earth på dei neste Hobbiten-filmane. Alt saman er i HD-kvalitet.

Sidan det dreier seg om enorme mengder materiale fordelt over nesten ni og ein halv time er det lettare sagt enn gjort å gi ei oversikt over alt saman, men vi prøver på eit veldig overordna nivå.

Den andre disken inneheld:

  • A Warm Welcome (29 minutt). Eit nærare blikk på stuntsekvensane frå Langsjøby, med intervju av dei involverte. Morsomt å sjå at ikkje alt av action er datagenerert. Jackson svergar til gamlemåten der han kan!
  • Business of the State (15 minutt). Ein fornøyeleg «fluge på veggen»-snutt der ein får sjå Stephen Fry og Ryan Gage jobbe saman med scenene sine.
  • Shelter on the Long Lake (20 minutt). Fleire intervju om innspelinga av sekvensane i Langsjøby, om manus, stunts, scenografi, historier frå innspelinga m.m.
  • In the Halls of the Elvenking (29 minutt). Fleire intervju og snuttar frå bak kamera, denne gongen om sekvensane i alvekongens rike i skogen.
  • Flies and Spiders (30 minutt). Om utfordringane som både skodespelarar og mannskap hadde då dei skulle filme sekvensane i skogen.
  • Queer Lodgings (27 minutt). Eit nærare blikk på Beorn sitt hus, kva effektar dei brukte, og korleis dei gjennomførte dette i praksis.
  • On the Doorstep (18 minutt). Bakomfilm der vi ser skodespelarar og mannskap ha det moro medan dei spelte inn sekvensen med den hemmelege døra som leder inn i dvergefjellet Erebor.
  • Inside Information (26 minutt). Frå innspelinga av hallen til Smaug, der vi m.a. ser Martin Freeman gjere ein god jobb med å interaktere med ein drage som ikkje er der.
  • Down the Swift Dark Stream (16 minutt). Glimt frå lokasjonen Pelorus River, der vi bokstaveleg talt ser skodespelarane sitje som sild i tønner.
  • Barrels out of Bond (30 minutt)- Ein djupare kikk på andreteamet si utvida jobbing med tønnesekvensen, med fokus på praktiske stunts til digitale effektar.
  • A Chance Meeting (21 minutt). Intervju rundt scenografi og designarbeid for landsbyen Bree, som vi også såg i Ringenes herre-filmen.
  • Erebor Rekindled (28 minutt). Her ser vi tidspresset teamet kjem under då dei blir nødt til å produsere ein ny slutt på Smaugs ødemark. Stresset for å nå deadline, og vanskane dette fører til produksjonsmessig, kjem godt fram her.
  • ... Into the Fire (8 minutt). Bilder frå bak kamera medan dei speller inn ei meget spesiell scene frå den tredje og komande filmen.
    På den tredje og siste disken:
  • Summoning Smaug: Last of the Fire-drakes (77 minutt). Ein djupare kikk på arbeidet med å bringe Tolkien sin ikoniske drage til live, frå design til animasjon og den unike framføringa.
  • The Peoples and Denizens of Middle-earth (72 minutt). Ein detaljert kikk på karakterane i filmen, frå konseptuell design, val av kostymer og våpen, til skodespelarane sine framføringar.
  • Realms of the Third Age: From Beorn's House to Lake-town (94 minutt). Ein grundig, men interessant, dokumentar om produksjonsdesign og scenografi i filmen.
  • The Music of The Hobbit (61 minutt). Som tittelen seier, fokuserer denne sekvensen på korleis musikken til filmen tok form, med spesielt fokus på Howard Shore sin prosess med å jobbe med orkesteret.

Samtlege av Peter Jackson sine Tolkien-filmatiseringar har hatt ei eventyrleg samling med bonusmateriale, så lista er alt lagt, og den ligg svært høgt. Ein forventer nesten å få dei same overveldande mengdene med velprodusert bonusmateriale også denne gongen, bortskjemte som vi er. Og forventningane blir sjølvsagt innfridd.

Berre å lese gjennom lista over alt som er tilgjengelig er nok til å gjere ein matt, og best av alt: det dreier seg ikkje eigentleg om kvantiteten, men først og fremst om ein gjennomgåande høg kvalitet både på produksjonskvalitet og innhald. Du skal som vanleg være svært dedikert for å kome deg gjennom alt saman, samtidig som det er ei nytelse for den som faktisk har tid til å gjere det. Vi tek av oss hatten og bukker – djupt!

Oppsummering:
Den ordinære kinoversjonen var ute på fysiske format for eit halvt år sidan. Eg veit ikkje heilt korleis andre fans av Tolkien-filmane føler det, men for min del venter eg alltid på dei utvida utgåvene. Det er dei som har den komplette (og så langt utan unntak beste) versjonen av filmen, og det er dei som kjem fullspekka med bonusmateriale. Utgåvene med kinoversjonen har også noko eksklusivt som ein kun finn på den utgåva, men det er svært beskjedent til samanlikning. Då får det bli opp til kvar enkelt å bestemme om dette forsvarer innkjøp. Uansett druknar dette alltid i mengda med materiale ein får på dei utvida utgåvene. Versjonane med kinoversjonane framstår på alle måtar som ein begrensa teaser samanlikna med den utvida versjonen. Det er sjølvsagt den ein skal ha.

Summa summarum: Dette er ikkje ein film som vil overraske nokon, hverken når det gjeld sjølve filmens form/innhald eller det produksjonstekniske med lyd og bilde. Etter tre Ringenes herre-filmar, samt den første Hobbiten-filmen, kjenner vi etterkvart veldig godt til korleis Peter Jackson tilnærmar seg jobben med å filmatisere Tolkien sine bøker. Ein veit akkurat kva ein får. Dette betyr at det er folks preferansar i forhold til desse tilegare filmane som set premissa for korleis ein vil like den nye filmen. Har ein sans for det Jackson har gjort så langt, vil ein meget sannsynleg like den andre Hobbiten-filmen også. Hvis ikkje… vel, så blir det som før der også.

Ein film basert på Tolkien sitt univers vil nesten alltid ha eit medfødt handikap. Det fins nesten ingen måte den kan leve opp til dei skyhøge forventningane til Tolkien-fansen på, så berre ved å eksistere og ikkje være ei fullkommen katastrofe har den allereie vunne halve kampen. Faktum er i tillegg at dette er svært godt handverk med akkurat den rette balansa mellom episk og jordnær som filmen bør ha. Løysingane som er valgt stemmer kanskje ikkje alltid heilt overeins med Tolkiens bøker, men eg meiner dei oftare gjer det enn det motsette. Det er likevel lett å pirke i filmar basert på svært populære bøker, og mange vil nok gjere dette. Spørsmålet er om ein klarer å sjå på dette som ein eigen filmversjon av historia, eller om ein forventer 100% samsvar. Er ein i sistnemnte kategori bør ein ikkje sjå filmen, men kanskje heller lese om igjen boka.

Har du kjempa deg gjennom heile denne teksten er du sannsynlegvis så interessert at du alt har kjøpt den utvida versjonen av filmen, eller kjem til å gjere det uansett kva eg seier. Og det bør du absolutt gjere. Filmen er minst like god som ein realistisk kunne tørre å håpe på. Presentasjonen av lyd og bilde er heilt framifrå, men tilleggsmaterialet er utan tvil det mest imponerande og totalt overveldande på alle måtar – ein skal nesten slite med å kome seg igjennom alt saman, samtidig som den gode produksjonsverdien gjer sitt til at mange vil gjere det likevel. Dei ni og ein halv timane med bonusmateriale er ærlig talt verdt prisen åleine.

Media

Svein Børge Hjorthaug

FILMANMELDER
H
igh-def.no
E-post

Bli fan på Facebook:
HIGH-DEF.no • VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no • JAMESBOND.no • John Berge • 007SHOP.no

Besøk andre nettsider fra JB Forlag:
VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no  JAMESBOND.no • 007SHOP.no • JOHNBERGE.com

Nyhetsarkiv

« September 2017 »
Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30  

Følg High-def

 

 

FB anbefalinger