lørdag, 25 oktober 2014 16:29

Anmeldelse: Star Trek: The Next Generation, sesong 4

Written by 

Serien som var med på å setje Sci-Fi på kartet igjen for rundt 25 år sidan var nær toppen kvalitets- og popularitetsmessig i sesong 4.

Sesongen:
Då den etterlengta fjerde sesongen av The Next Generation satte i gang hausten 1990 hadde den utvikla seg så langt frå den famlande starten, og stod så støtt på eigne bein, at det originale mannskapet (som framleis produserte spelefilmar) hadde store problem med å halde følge både kvalitets- og popularitetsmessig. Då er det nesten litt rart å tenke på at ein i starten unngjekk å bruke etablerte element frå den originale serien. Ein var rett og slett redd for at det nye mannskapet ikkje ville tåle å bli samanlikna opp mot den opprinnelege serien. No hadde dog TNG etablert seg sjølv så kraftig på eigne premiss, og raser som Romulans, Klingons, Cardassians og Borg inngjekk i eit utvida bakteppe med ei spennvidde og djubde som fansen berre kunne drøyme om gjennom 70-talet og den første halvdelen av 80-talet. I desse «mellomåra» var det beste ein kunne håpe på at ein TV-kanal viste den originale serien i reprise ein gong til.

Etter å ha løyst dilemmaet som blei introdusert i Best of Both Worlds-cliffhangeren, blei den fjerde sesongen raskt kjent som sesongen der raude trådar begynte å gå igjen. Fleire karakterar frå tidlegare episodar begynte å dukke opp igjen (som K’Ehleyr, Duras, Lore, Vash, Reg Barclay, Minuet og Leah Brahms – for ikkje å gløyme dei faste gjestane Q og Lwaxana Troi). Ein lærte stadig meir om dei forskjellige besetningsmedlemma på stjerneskipet Enterprise, og heile ni av episodane denne fjerde sesongen handlar om familie. Vi får m.a. sjå Picard besøke familien på jorda i eit forsøk på forsoning med broren, Data har sin første seriøse romanse, O’Brian gifter seg, Wesley forlater Enterprise for å begynne på Starfleet Academy, Worf får sin eigen vesle familie, Riker må konfrontere sine eigne kjensler rundt farskap, m.m. Alt dette er sjølvsagt satt inn i den unike settinga som Star Trek har å by på.

Eit lite stykke historie blei begått i Trek-samanheng då serien oppnådde episode 80 (forøvrig kalt «Legacy»), som betydde at TNG hadde passert den originale serien i innspelte episodar. Og i løpet av den siste episoda i sesongen (sesongen sin store cliffhanger i form av Klingon-episoda «Redemption») passerte TNG også 100 innspelte timar.

Meir signifikante rekordar blei også passerte i løpet av det fjerde året. I løpet av februar 1991 fekk serien sin høgste Nielsen-rangering nokonsinne med 14.4 (episoda «Devil’s Due»), som slo den førre rekorden på 14.0 frå november 1987 i løpet av sesong 1. Trass dette var det framleis eit stykke igjen til dei gamle fordommane mot Sci-Fi generelt, og Star Trek spesielt, var heilt borte. Serien var atter nominert til fleire Emmys, men vann «berre» to. Atter ein gong var det dei tekniske prisane det dreidde seg om – trass skodespelarprestasjonar i verdsklasse frå m.a. Patrick Stewart og Brent Spiner.

Det var dog inga som helst tvil om at publikum hadde omfamna serien på dette tidspunktet. TNG var eit av dei aller, aller mest populære programma som gjekk på amerikansk TV denne sesongen, og stabiliteten i produksjonsstaben gjorde også at nivået på historiane var stabilt høg. Populæriteten var hverken tilfeldig eller ufortent.

Blu-ray disken:
Pakkinga av den fjerde sesongen følger malen som er etablert med tidlegare sesongar, og såleis er det ikkje alt for mykje å nevne. Settet består av seks diskar, festa i dobbeltsidige mjukplastinnlegg som igjen er festa til ryggen på innsida.

Episodeoversikta er framleis å finne på innsida av hovedomslaget, noko som er lite gunstig sidan den første disken er festa over denne oversikta. Med mindre det tilfeldigvis er denne disken ein ser på, må ein altså ta ut denne disken for å sjå oversikta. Ei noko simpel løysing, og eit form for innleggsark hadde hjulpe stort.

Omslagsbildet følger det etablerte designet frå dei første sesongane. TNG-logoen er midtstilt øverst, med eit pent bilde av deler av mannskapet plassert i eit Starfleet-symbol og smaragdgrønt bakgrunnstema. Heilt nederst står det «season four». Baksida er ryddig og består hovedsakleg av ei omtaletekst på engelsk, nokre bilete som samanliknar gamal/ny bildekvalitet på ein god måte, ei oversikt over ekstramateriellet (framleis på engelsk), samt vanleg kreditering/faktabokser.

Med disken i spelaren får ein først opp ein CBS-logo før den vanlege språkvalgmenyen med tilhøyrande rettigheitsplakatar. Desto morsommare er ein riktig så flott «Star Trek sesong fem»-trailer (kun på første disken), den meir vanlege HD-logo og ein liten introfilm til menyen. Alt dette kan skippast kvar for seg.

Sjølve menyen er forma som ein standard Enterprise computermeny og ser virkelig flott ut. Alternativa framstår som ganske enkle med «Play all», «Episodes», «Set up» og «Additional data» (der dette fins). Kvart underpunkt skjuler fleire alternativ men det heile er logisk og konsistent satt opp. Kvar episode kan m.a. spelast av med opprinnelig episodepromo, og nokre episoder har også ekstrasnuttar eller kommentarspor.  Det fins også mange språkval – sju for lydspor, og elleve for undertekster. Under «Additional data» finn ein dokumentarar og ekstramateriell som av og til er relatert til episodane på den aktuelle disken, men hovedbolken med ekstramateriell er samla på den siste disken.

Bildet:
På dette tidspunktet er kvaliteten på restaureringsarbeidet rimelig etablert, og eg har sagt mykje om dette i anmeldingane av dei første tre sesongane. Så berre for å ha sagt det: faren er nok stor for at eg gjentek meg sjølv ein del her.

Serien blei opprinneleg fotografert på 35mm-film i HD. Dette blei overført til standarddefinisjon video for arbeidet med redigering og postproduksjon, så mykje av kvaliteten var alt tapt på det stadiet. Når ein begynte å snakke om oppgradering til HD måtte CBS difor gå gjennom arkiva sine for å finne samtlege av originalfilmane (som dei heldigvis hadde!), overføre dei nok ein gong – denne gongen i HD – og rekonstruere kvar einaste episode frå scratch med hjelp av dei opprinnelege redigeringsloggane. Dette er eit massivt arbeid som knapt har blitt gjennomført på dette nivået tidlegare for å få ting så bra som overhodet mogleg, og dei har virkelig gjort ein fantastisk jobb. Ingenting du har sett av TNG tidlegare er i nærheita av den kvaliteten du får her!

Settet inkluderer også dei opprinnelege promoklippa for kvar episode (ca. 1 min/stk.), gjengitt i opprinneleg SD. Dette gir ei utmerka moglegheit til samanlikne nivået på oppgraderinga. For min del er det nesten hakeslepp kvar einaste gong. Det eine framstår som krystallklart, det andre ser ut som det blei spelt inn med vaselin på linsa. Gjett kva som er kva.

Etter restaureringa framstår TNG med ein skarp og tydelig bildekvalitet, og fargane vibrerer meir enn nokonsinne. Detaljane stig ut av bakgrunnen, og kvaliteten tilseier på ingen måte at dette blei spelt inn for over 25 år sidan. Effektane er kanskje dei ein studerer litt ekstra for å samanlikne og sjå kva dei har endra på. Puristane ønsker sjølvsagt at ingenting skal endrast på, og eg er ikkje heilt fri for å tenkje litt i dei baner sjølv, men så lenge oppgraderingar er gjort innan rammene til den opprinnelege presentasjonen synes eg det er greitt.

Dei mest imponerande bilda kjem frå utsida av romskipet. Alle scenene der Enterprise flyg gjennom rommet er rett og slett spektakulært bra. Stjernene og planetane som flyg forbi er fantastisk gjengitt, men spesielt teksturane til romskipet Enterprise stig ut av tåka og imponerer. I opningssekvensen kan ein til og med ane menneske innanfor nokre av vindauga, og kjensla ein til tider får av å sjå skipet suse gjennom rommet er euforiskapande. Desse sekvensane har blitt så bra at det ikkje lenger fins forbetringspotensiale (i 2D!).

Lyden:
Det opprinnelege lydsporet i stereo har blitt remiksa til ein full 7.1 DTS-HD MA-presentasjon. Eg har måtte nøye meg med å teste den på mitt 5.1-setup, men det fungerer likevel veldig bra. Lydlandskapet i TNG er veldig variert, og denne miksen fanger alle nyansane og får det nesten til å høyrest enkelt ut. Lyden er klar og fin heile vegen. Senterkanalen er utan tvil den travlaste lydmessig, med det aller meste av dialogen og dei mest markante lydane, medan ambiensen er godt ivaretatt elles. Eg hadde aldri problem med å få med meg det som blei sagt, og plasseringa av både stemmer og lydar er veldig bra, og stemmer heilt overeins med det vi ser på skjermen.

Lydar frå romskipet, computerlydar (forskjellige «beeps» osv), den konstante rumlinga frå skipsmotorane, bruk av laser og torpedoar, akselerasjon til «warp speed» – samt musikksporet når det ein gong i blant kjem inn – er smakfullt plassert rundt og gir ein veldig god immersjon. Spesielt dei sekvensane der Enterprise majestetisk glir over skjermen har ein tilhøyrande lyd som glir frå eine sida til andre – herlig! Ein føler virkelig at ein glir gjennom rommet saman med besetninga.

Subwooferen er på nivå med dei bakre kanalane og bidrar med ambiens, lydeffektar og djupare tonar frå musikken, og det funker godt utan nokon gong å forårsake dei største vibrasjonane. Lyden er heile vegen klar og god, spesielt gitt utgangspunktet. Vi kan slå fast at også lyden har fått ei solid oppgradering, sjølv om den – fortjent eller ikkje – dessverre stiller litt i skyggen av dei visuelle oppgraderingane.

Bonusmateriell:
Vi har blitt svært bortskjemt med både mengdene og kvaliteten på bonusmateriellet i TNG-serien etterkvart.  

  • Episodane «Brothers» og «Reunion» har fått kommentarspor. Førstnevnte med Rob Bowman og Mike/Denise Okuda, den andre med Ronald Moore, Brannon Braga og Mike/Denise Okuda. Desse er innsiktsfulle, og eg er også veldig nøgd med valet av episoder. Ein kunne kanskje ha ønska fleire slike spor, men kan ikkje klage.
  • In Conversation: The 'Star Trek' Art Department (67 minutt). Tidlegare høgdepunkt i bonusseksjonen har vore å sjå sentrale involverte frå forskjellige fagfelt setje seg ned saman for å prate om forskjellige sider av produksjonsarbeidet. Denne gongen er det det kreative teamet bak serien som inntek sofaen for å diskutere utviklinga av den visuelle stilen og effektane i serien. Som alltid er dette berre eit utgangspunkt, og samtalen ender opp med å dreie det seg om alt mogleg som er relatert til dette. Vi får mange fornøyelige historier frå settet, og betraktningane om korleis det var å jobbe på settet kvar einaste dag er vesentleg meir interessante enn det ein først skulle tru. Heile sekvensen er ei einaste stor fornøyelse å overvære. Deltakarane denne gongen er Doug Drexler (make-up spesialist), Rick Sternback (teknisk konsulent), Herman Zimmerman (produksjonsdesigner), Mike og Denise Okuda (visuelt design) og Dan Curry (visuelle effektar).
  • Relativity: The Family Saga of 'Star Trek: The Next Generation' Part 1: Homecoming (29 minutt). Skodespelarar og produksjonsstaben diskuterer seriens popularitet, og om den generelle utviklinga til serien på dette tidspunktet – inkludert familietemaet som var sentralt i den fjerde sesongen.
  • Relativity: The Family Saga of 'Star Trek: The Next Generation' Part 2: Posterity (HD, 28 min.) Denne andre delen av dokumentaren er meir karaktersentrisk, og ser på utviklinga dei gjekk gjennom i sesong fire.
  • Vi får også ei heil rekke eldre minidokumentarar frå arkivet (stort sett frå første halvdel av 90-talet, der dei fleste er bonus på DVD-utgåva):
    • Mission Overview Year Four (17 minutt). Ein gjennomgang av sesongen sine høgdepunkt.
    • Selected Crew Analysis Year Four (17 minutt). Skodespelarane sine refleksjonar på sesongen, og spesielt korleis Wil Wheaton sin avskjed påvirka alle saman.
    • New Life and New Civilizations (14 minutt). Om lokasjonar, bakgrunnar og visuelle effektar.
    • Chronicles from the Final Frontier (18 minutt). Om manusjobbing, karakterutvikling og raude trådar I historiene.
    • Departmental Briefing Year Four: Production (17 minutt). Fleire av skodespelarane regisserte enkeltepisoder, og her deler dei sine erfaringar. Jonathan Frakes regisserte m.a. «Reunion» og «The Drumhead», medan Patrick Stewart tok tømmane på «In Theory».
    • Select Historical Data (10 minutt). Denne minidokumentaren fokuserer av alle ting på designet av dei framade rasene i episoda «Galaxy’s Child».
    • Inside the 'Star Trek' Archives (11 minutt). Rett og slett ein nostalgitripp. Anekdotar, historier og morsomme minner om produksjonen programmet.
  • Sletta scener (20 minutt). Ei heil rekke sletta scener frå åtte av episodane i sesongen er gjengitt fullstendig på eiga hand, men ein får korte fakta før kvart klipp med namnet på episoda, kva scene det er snakk om og ei kort forklaring.
  • Bloopers (4 minutt). Ikkje alle bloopers frå alle filmar/seriar er like interessante, men Star Trek sine er ustyrtelig morsomme og får meg til å le høgt og lenge. At det kun fins fire minutt synes utruleg, og er mi einaste innvending. Meir neste gong, vær så snill!
  • Korte «teasers» for alle episodane i sesongen, plassert saman med kvar episode på dei aktuelle diskane slik at dei kan spelast i forkant av episidane.

Alle dokumentarene er av den same sedvanleg høge kvaliteten som ein er vand med frå tidlegare, og det gjer også godt å få samla dei litt eldre (og, la oss innrømme det, litt meir overfladiske) dokumentarane frå tidlegare her også. Dette erstatter alle tidlegare versjonar av sesong fire og er ei solid oppdatering.

Oppsummering:
Sesong fire tek enno eit steg framover kvalitetsmessig - utruleg nok, gitt kvaliteten på den tredje - og er den beste TNG-sesongen så langt. Mykje skuldast nok at dette var den første sesongen som behaldt den same skribent- og produksjonsstaben som året før, noko som gav serien sårt tiltrengt stabilitet.

Det fjerde året har som nevnt fleire gongar eit gjennomgåande familietema i tillegg til eit fokus på karakterutvikling, der kanskje Worf er den som går gjennom mest. Vi seier farvel til eit av dei faste besetningsmedlemma. Vi går gjennom mykje saman med desse figurane, og ender i prosessen opp med å bli enno litt meir glad i dei.

Video- og lydkvaliteten har blitt svært imponerande, spesielt gitt alderen på serien. La det være sagt med ein gong: ingen annan TV-serie har nokonsinne fått den oppgraderinga som Star Trek: TNG no får med dette. Restaureringsprosjektet er like eineståande som det er fantastisk. Ei oppgradering er 100% forsvarleg sjølv om ein har serien på DVD, spesielt gitt dei enorme mengdene med nytt bonusmateriale som også held svært høg standard.

Karakterar:
Serien: 6
Bilde: 6
Lyd: 5
Bonus: 6

Svein Børge Hjorthaug

FILMANMELDER
H
igh-def.no
E-post

Bli fan på Facebook:
HIGH-DEF.no • VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no • JAMESBOND.no • John Berge • 007SHOP.no

Besøk andre nettsider fra JB Forlag:
VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no  JAMESBOND.no • 007SHOP.no • JOHNBERGE.com

Nyhetsarkiv

« September 2017 »
Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30  

Følg High-def

 

 

FB anbefalinger