onsdag, 19 mars 2014 00:00

Blu-ray anmeldelse: «Gravity»

Written by 

Ein film satt til verdensrommet utan hverken månelandingar eller aliens? Yes, we can!

Videogramfakta:
Gravity (Blu-ray)
Warner Bros. / 2013 / 90 minutt
Video:  1080p HD 16x9 2.40:1
Audio: DTS-HD Master Audio Engelsk 5.1
Utgivingsdato: 05.03.2014

Filmen:
Premisset for denne filmen er like enkelt som det er velkjent: astronautar i verdsrommet støter på problem, og situasjonen blir så dramatisk at ein ikkje veit om dei klarer å kome seg tilbake til jorda igjen.

Meir konkret møter vi i denne filmen på tre astronautar som jobbar med reparasjonar av Hubble Space-teleskopet. Trioen blir plutseleg varsla om at romsøppel er på veg i stor fart mot området dei befinn seg i, og dei må umiddelbart kome seg inn i romferga. Deretter skjer den eine katastrofa etter den andre.

Historia er i utgangspunktet ganske avgrensa, men svært effektivt fortalt. Gravity er ikkje ein film med mange pusterom. Filmen bygger rett og slett opp ei intens spenning, og etter at ting først eskalerer stoppar dramatikken aldri. Dersom noko ser ut til å gå bra er det nesten alltid berre ein liten pust i bakken før den neste (og ofte langt meir dramatiske) episoda skjer. Det heile tek altså stad i verdsrommet, og det heile er ulidelig spanande. Heile filmen gjennom.

Kjensla av å føle verdsrommet er absolutt tilstade. Utruleg fotografering gjer at ein til tider sit og kjenner på ei vertigo-kjensle, sjølv om ein sit i godstolen foran skjermen. Personleg blei eg også veldig opptatt av avstanden mellom astronautane og jordkloda, som ofte opplevdes veldig nær – nærmare enn eg kan hugse at andre filmar har vore. Eg sit nesten halvvegs og forventer at graviteten skal slå inn og begynne å trekke alt frå folk, romskip og satellittar nedover, og tittelen på filmen indikerer jo også gjerne at noko slikt faktisk kan skje.

Utan å røpe noko om kva som faktisk skjer kan ein i alle fall slå fast at filmen er fylt av alskens fantastiske hendingar, og mange av dei vil presse grensa for kva som virkar sannsynleg. Samtidig er det nok slik med romfart som med andre område: di meir ein veit, jo meir synleg vil det usannsynlege være. Eg er ingen romfartsekspert, og sjølv om ting som skjer virkar lite truleg kan eg eigentleg ikkje arrestere filmen på noko som helst område. Samtidig er eg ikkje så veldig opptatt av å gjere det. Det blir som med alle andre filmar, også dei som tek stad på bakkejorda; skal ein begynne å leite etter urealistiske element i filmar vil dei færraste kome frå det med æra i behald. Av og til må ein tillate seg å bli underhaldt, og har ein den haldninga vil ein få svært mykje ut av denne filmen.

Regissøren for filmen er Alfonso Cuaron, som også var med å skrive manus, produsere og klippe filmen. Han er nok mest kjent for å ha regissert Harry Potter og Fangen i Azkaban. I tillegg må ein nesten i like stor grad framheve Emmanuel Lubezki, som har gjort ein fantastisk jobb bak kamera. Denne filmen er rett og slett utruleg lekkert fotografert, og det visuelle står i særklasse sterkt i denne filmen.

Sandra Bullock og George Clooney har dei to hovedrollene i filmen som to av astronautane i teamet, og begge legg for dagen ein imponerande innsats. Det er kanskje spesielt gledelig å sjå Bullock tilbake i god form etter mange middelmådige filmar dei siste åra, og Gravity kan nesten karakteriserast som eit aldri så lite comeback for henne. Innsatsen skulle endåtil vise seg å halde Oscar-nivå.

Kinopremiæra kom i oktober 2013, og filmen blei møtt med universelt gode tilbakemeldingar frå publikum og kritikarar. Spesielt cinematografien, musikken, regien, effektane og Bullock sin innsats hausta lovord. Filmen spelte inn $712 mill. dollars på verdsbasis, noko som gjorde den til den åttande største kassasuksessen i 2013.

Filmen har også fått fleire prisar, inkludert heile sju Oscars (av ti nominasjonar) i utdelinga som nettopp er over – m.a. beste film, beste regi, beste kvinnelege skodespelar, musikk og visuelle effektar. Den har også m.a. vunne seks BAFTA-prisar, ein Golden Globe og fleire Critics Choice-prisar.

Blu-ray disken:
Filmen kjem i vanleg blått plastetui med BD-logo. Innhaldet er ein Blu-ray 3D-disk, ein vanleg Blu-ray disk og eit ark med kode for nedlasting av digital kopi av filmen via Flixter.

Omslagsbildet er herlig og gir i det store og heile eit godt bilde av kva filmen dreier seg om: ein astronaut har blitt separert frå satellitten vedkomande jobba på, og er i fritt svev bort frå den. I bakgrunnen ser ein den enorme jordkloda i profil – ikkje over eller under, men frå sida. Dette er eit flott perspektiv, og sola tittar også fram i horisonten.

Bortsett frå ei blå stripe heilt øvst som fortel at innhaldet er både BR 3D, BR og ein digital kopi, er det lite framandelement på omslaget. Bullock og Clooney har krediteringar øvst i det venstre hjørnet, med Gravity 3D i større bokstavar på midten.

Baksida har svært mykje informasjon pressa inn på lite plass, men ein kan altså finne enkel omtale av filmen, bilde, ei stripe med info om den digital kopien, ei stripe som viser kva som trengs for å kunne sjå 3D-versjonen av filmen, ei oversikt over ekstramaterialet, samt vanleg kreditering, faktabokser og rettigheitstekst. For å være ærlig framstår det noko rotete.

Ved oppstart av disken (2D) kjem først ein Warner Home Video trailer/logo, etterfulgt av ein forfilm for Hobbiten: Smaugs ødemark (kan skippast), og til slutt hovedmenyen. Scener frå filmen fyller skjermen, og i ei stripe nederst får ein dei vanlege alternativa «Play», «Scene Selections», «Languages» (mange! – både lyd og undertekster) og «Special Features» (omtalt under).

Bildet (2D):
Som oftast kjem heldigvis dei fleste nye storfilmane ut på Blu-ray med fantastisk bildekvalitet, og Gravity er ikkje noko unntak. Den er gjengitt i MPEG-4 MVC format, og presentert i den same aspektratioen (2.40:1) som IMAX- og kinoversjonen. Andre filmar som har blitt produsert for IMAX-visning har tidlegare hatt variabel aspektratio på dei forskjellige plattformane, men Gravity er heldigvis konsistent overalt. (Måtte dette bli standarden framover!)

Gravity er produsert som ein 3D-film. 3D er framleis eit format som ikkje alltid sit som eit skot, men denne filmen har fått mykje positiv omtale i så måte og framstår som ein av dei betre 3D-filmane så langt. Det virkar som om 2D-versjonen (som er den eg har vurdert) også har nytt godt av djubdearbeidet som blei gjort for 3D, for dette er førsteklasses også i denne versjonen. Som ein kan tenke seg for ein film som tek stad i rommet er det viktig at elementa på skjermen – astronautane, satellittane, romskip og andre romobjekt (og ikkje minst jordkloda i bakgrunnen) – er gjengitt slik at romkjensla er tilstades. Ein må kunne føle avstanden mellom elementa, og det gjer ein her i høgste grad. Alt er skarpt gjengitt med flotte kontrastar, og dei delane av rommet som er svarte følast nettopp det – botnlaust svarte og endelause. Perfekt!

Ein ser jorda frå mange vinkelar i denne filmen, og gjengivinga er alltid eigna til å imponere. Til tider sit ein og stirrer på planeten i stum beundring. Ein skimtar skyer – ja, rett og slett vær! – med levande økosystem. Ein ser vind, landmasser, smog, belysning, hav, ørken, fjell m.m. Planeten er sjølvsagt digitalt gjenskapt, men fullstendig levande og med utrulege mengder flott gjengitt visuell informasjon.

Det same gjeld det som er i rommet – skipa som er i bruk, draktene, nærbilde av skodespelarane – alt er nært og detaljert gjengitt, med detaljerte teksturar, flott fargebruk og imponerande bruk av refleksar. Når ein ser jordkloda bli reflektert i romhjelmen til skodespelarane av og til er det ein nydeleg effekt.

Kort sagt ser eg ingen problem, svakheiter eller feil med denne filmen. Gravity ser rett og slett fantastisk ut.

Lyden:
Eg var veldig spent på bruken av lyd i denne filmen. Som kjent er det meste lydlaust i verdsrommet, og med avgrensa antal skodespelarar på skjermen i store sekvensar av gongen ville det også kunne bli avgrensa dialog. Utan å gå for mykje inn på kva som skjer i filmen kan eg seie at dette potensielle problemet blir elegant løyst (sjølvsagt) av filmskaparane. I det heile tatt har filmen utruleg smart bruk av lyd, og lydsporet som kjem i 5.1 DTS-HA MA surroundlyd har eit bortimot perfekt lyddesign.

Lydsporet er utruleg variert, og bruken av stillheit som ein lyd i seg sjølv var utruleg effektiv. Ikkje slik å forstå at filmen er stille, for det er den jo ikkje, men ting kan ofte gå over i total stillheit som eit virkemiddel for å understreke kvar ein er. Rommets endelausheit, og kjensla av å være fanga i ingenting, gjer meir inntrykk i ein slik film enn det den største og mest drønnande eksplosjon kan gjere.

Filmskaparane har primært gjort to ting for å gjenskape kjensla av å reise ut i verdsrommet der alt er lydlaust. Dei har først og fremst fokusert på Dr. Stone (Bullock) sitt perspektiv. Det er ho som dermed blir hovedpersonen, og det vi høyrer av lydar representerer det ho til ei kvar tid høyrer og opplever. Stemmer frå bakkekontrollen og andre astronautar er gjengitt slik dei kjem inn via headsettet hennar. Vi høyrer også lydar som kjem frå vibrasjonar som følgje av at ho fysisk berører forskjellige ting, pusting, etc. Av og til befinn ho seg i omgivnader med oksygen, og då er sjølvsagt lydane som vanleg.

Det andre trikset er bruken av musikk, som stort sett er smakfull og bidreg med ambiens og atmosfære. Den understreker bevegelse, forsterkar kjensler, og erstattar effektivt lydar frå eksplosjonar og liknande ting. For å være ærlig syntes eg nokre gongar at musikken var miksa litt for høgt, men då desse sekvensane blei etterfulgt av plutseleg stillheit forstår ein jo at grunnen til dette var å skape ein kontrast – og eg skal akseptere den.

Dersom ein les bloggar og filmforum på nettet kan ein ikkje unngå å ha lagt merke til stormen mot Warners etter at filmen kun blei gjort tilgjengeleg i 5.1. Under promotering av kinoversjonen blei det ettertrykkelig sagt av filmselskapet at basemiksen til filmen var gjort i 7.1 før Dolby Atmos konverteringa, men av ein eller annan grunn har dette blitt om til 5.1 på dei fysiske formata. Eg kan godt forstå denne irritasjonen, men ærlig talt kan eg ikkje seie at dette betyr spesielt mykje. Sporet framstår som perfekt balansert og fordelte seg eksemplarisk heime hos meg. Om eg hadde fått så mykje meir ut av ein 7.1-miks er eg ikkje sikker på.

Ein får fantastisk reproduksjon av alskens retningsbaserte lydar frå alle høgtalarane, og botnsolid (men ikkje overdriven) basslyd frå subwooferen, men det er den dynamiske rekkevidda til lydsporet som imponerer mest. Filmskaparane tør av og til å gjere stemmene litt for svake til å kunne høyrast, fordi dei er for langt unna. I tillegg har vi alle døma eg alt har snakka om fleire gonger, der kaskadar med eskalerande lyd blir etterfulgt av dønn stillheit. Eg seier det igjen: dette er utruleg effektfullt og fungerer heilt fantastisk.

Bonusmateriell:
Bonusseksjonen er svært rikhaldig. Grev ein litt i denne fins det svært djuptpløgande materiale samla i få, men enorme bolkar:

  • Gravity: Mission Control (107 minutt). Dokumentaren om filmproduksjonen er lenger enn sjølve filmen! Den går svært djupt og dekker alle fasane i filmproduksjonen, og sjølv om den tidvis har eit litt sterkare preg av sjølvskryt og eigenpromotering enn eg likar, er det definitivt interessant. Den er delt inn i spesifikke kapittel dersom det heile blir for mykje å ta inn på ein gong (noko som nok er meir enn litt sannsynleg for dei fleste av oss).
  • Shot Breakdowns (37 minutt). Her ser vi nærare på korleis (og kvifor) forskjellige CGI rekvisitter, kostymer og sett blei bygd. Det er utruleg å sjå kor mykje av denne filmen som er ein reint digitalt jobb, og korleis skodespelarane klarer å gjere ein truverdig jobb samtidig som dei har bortimot ingenting å interaktere med.
  • Collision Point: The Race to Clean Up Space (22 minutt). Ed Harris er forteljarstemma til denne dokumentaren om dei fleire millionar einingar med romsøppel som menneska har lagt att rundt jordkloda. Tanken er at om menneska ikkje gjer noko for å rydde opp i rommet rundt planeten vår, vil katastrofer som den nemnt i filmen kunne skje i framtida og potensielt slå ut satellittar og kommunikasjonssystem som vi er avhengige av. Mange av hendingane i filmen (inkludert russarane si slutning om å skyte ned sin eigen satellitt) er direkte inspirert av genuine problemstillingar, og desse blir også presenterte her.
  • Aningaaq (10 minutt). Ein kortfilm av Jonás Cuarón (ein av manusforfattarane på Gravity) som viser den andre sida av Dr. Stone sin radiosamtale når ho sit åleine i Soyuz. Filmen kan spelast med ein introduksjon av Jonás og Alfonso Cuarón.
  • Filmfestivalar. Ei liste over alle filmfestivalane der Gravity var ein del av det offisielle programmet.

Dette er definitivt imponerande mengder ekstramateriale, og dersom ein sit gjennom alt dette trur eg dei fleste vil ha fått nok. Det obligatoriske kommentarsporet manglar, men dette blir dels kompensert for ved å inkludere ein så langt og djup dokumentar. I og med at det meste av filmen er laga foran ein grønskjerm kan eg også forstå at det ikkje finst all verden med uttak og bloopers å velje i, som eg ellers ville ha etterlyst. Alt i alt er utvalet svært solid.

Oppsummering:
Gravity er ei fantastisk cinematisk oppleving og ei spennande og engasjerande historie. Filmen evner å frakte sjåaren inn i ei anna verd (eller i alle fall til ein plass rett utanfor denne verda), og sjølv om den er laga for å gi ei ultimat visuell oppleving i 3D kan ein glede seg over ein svært god 2D-versjon også.

Filmen har mange sekvensar som framstår som fantastiske, for ikkje å seie smått utrulege. Dersom ein ikkje har problem med å la seg underhalde også av mindre sannsynlege historieelement, ligg alt til rette for ein høg og god underhaldningsverdi. Sjølv forventer eg ingen dokumentar med vitenskapleg korrekt innhald – eg vil ha ei god og underhaldande historie, og legg ein til ein svært høg kvalitet på teknisk gjengiving endte i alle fall eg opp med ein vinnar. Bonusmaterialet gir eit fascinerande innblikk i korleis denne filmen blei laga og er med på å gjere totalpakka enno meir solid.

Gravity har blitt hedra for cinematografien og teknisk perfeksjon, men ein skal heller ikkje gløyme skodespelarane. Spesielt Sandra Bullock har si største rolle på mange år i denne filmen, og gjer ein botnsolid innsats.

Dette er definitivt ein film som gjer seg best på eit stort lerret, men opplevinga ein får via denne Blu-ray-utgivinga er så nært opptil som mogleg. Finn den største skjermen du disponerer og unngå for all del digitalkopi-løysingane der ein kan sjå filmen på smarttelefonar eller nettbrett.

Karakterar:
Filmen: 9
Bilde: 10
Lyd: 10
Bonus: 9

Konklusjon:
Ein visuelt vakker film med ei fantastisk teknisk gjengiving, sterk spenning og gode skodespelarprestasjonar. Historia er noko fantastisk, men tåler ein det er denne i høgste grad anbefalt!

Media

Svein Børge Hjorthaug

FILMANMELDER
H
igh-def.no
E-post

Bli fan på Facebook:
HIGH-DEF.no • VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no • JAMESBOND.no • John Berge • 007SHOP.no

Besøk andre nettsider fra JB Forlag:
VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no  JAMESBOND.no • 007SHOP.no • JOHNBERGE.com

Nyhetsarkiv

« October 2017 »
Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
            1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31          

Følg High-def

 

 

FB anbefalinger