mandag, 24 februar 2014 13:31

Blu-ray anmeldelse: «The Rolling Stones: Sweet Summer Sun ... Hyde Park Live»

Written by 

Mick. Keef. Charlie. Ronnie. Og ikkje minst Mick Taylor! The Rolling Stones ruller igjen!

Videogramfakta:
The Rolling Stones: Sweet Summer Sun … Hyde Park Live (Blu-ray)
Eagle Vision / 2013 / 132 minutt
Video: 1080i MPEG-4 AVC (2.35:1)
Audio: DTS-HD Master Audio 5.1, LPCM 2.0
Utgivingsdato: 12.11.2013

Låtliste:
1) Start Me Up   2) It’s Only Rock’n’Roll   3) Street Fighting Man   4) Ruby Tuesday   5) Doom And Gloom   6) Honky Tonk Women   7) You Got the Silver   8) Happy   9) Miss You   10) Midnight Rambler   11) Gimme Shelter   12) Jumpin’ Jack Flash   13) Sympathy For the Devil   14) Brown Sugar   15) You Can’t Always Get What You Want   16) (I Can’t Get No) Satisfaction

Konserten:
The Rolling Stones og Hyde Park har ei viss historie saman, først og fremst gjennom at bandet spelte ein legendarisk konsert der i juli 1969. Det var nok langtifrå den beste konserten bandet har begått, skranglete og uøvd som dei var, men den har likevel blitt ikonisk av mange andre grunnar.

Bandet stod foran eit vegskilje sommaren 1969, og konserten i Hyde Park var planlagt lang tid i førevegen som ein gratiskonsert for fansen. Det skulle bli tidenes sommarfest og ein gedigen tilbakekomst for bandet. Ting endra seg plutselig då gitarist Brian Jones, som hadde forlatt bandet berre ein månad tidlegare, blei funnen død berre to dagar før konserten. Dette gjorde at konserten sporenstraks endra karakter frå gedigen sommarfest til minnekonsert.

Hyde Park skulle også bli konsertdebuten til gitarist Mick Taylor, som hadde tatt over for Brian kort tid i førevegen. Konserten skulle markere slutten på tre år med konserttørke, for ikkje å seie slutten på i alle fall to år med stor usikkerheit rundt bandets framtid. Bandet skulle no vise at det var liv laga for dei, og at dei klarte seg utan Brian Jones.

Hyde Park blei også starten på den neste epoka til bandet. Dei var i ferd med å legge bak seg popstjerneimaget frå 60-talet og statusen som singleband, og var i ferd med å bli eit stadionrockeband for 70-talet som i langt større grad skulle bli kjent for ei rekke klassiske album. Mange meiner at gullrekka til Stones starta i 1968 med Beggars Banquet, og varte til og med 1972 og Exile On Main St. Sjølvsagt er det mykje å gle seg over i perioden før/etter også, men at det var noko eige og spesielt ved denne perioden er som regel noko dei aller fleste kan einast om.

Når The Rolling Stones tek turen tilbake til Hyde Park i 2013, er det difor definitivt med eit visst historisk sus over seg. Det er veldig lenge sidan 1969, men Hyde Park sin plass i historikken til The Rolling Stones er såpass ikonisk at tankane utan problem går tilbake til «den gongen». Det spesielle er sjølvsagt at dersom nokon no seier at dei såg Stones i Hyde Park, må ein no spørje dei «når? I 1969 eller 2013?»

Dette er ikkje ein rein konsertfilm. Den har også små innslag av dokumentarisk art, først og fremst i form av uttalelser frå bandet som er lagt over stemningsbilder frå parken (ingen av bandet lar seg intervjue på kamera for denne filmen, i likheit med dokumentaren Crossfire Hurricane som også kom i fjor), samt nokre tilbakeblikk frå den dagen i 1969. Ikkje at det er utprega mykje av den slags; dette står vel berre for høgst ti av dei totalt 132 minutta. Kommentarane er dog faktisk interessante nok, med rimelig djupe refleksjonar frå bandet om dei sjølv, om det å spele i London, om Hyde Park då og no, og om korleis dei hugsa akkurat denne dagen i etterkant. Filmen tener som eit bilde i tida, der fokuset er denne dagen og korleis bandet, vel, «føler det no», for å bruke ein floskel frå sportsjournalistikken, i etterkant av konserten.

Det er ikkje til å unngå å bli imponert over den utrulege scena når desse bilda først ruller over skjermen. Den er enorm! Den er sjølvsagt fylt til randa med utstyr, gjestemusikarar, støttespelarar, enorme videoskjermar, videokamera og alskens andre ting, men bandet i front har trass dette enorm plass å boltre seg på. Som vanleg er det også ein svær «catwalk» ut frå scena, som Mick Jagger flittig benytter i løpet av konserten.

Start Me Up er som alltid sjølvskriven til å sparke det heile i gang. Det er alltid eit enormt kick å høyre den låta setje i gang, men å seie at den sit som eit skot frå start er å overdrive. Stones kan være eit skramleorkester når dei ikkje har dagen. Denne dagen tek det dei nøyaktig ei halv låt å kome i gang. Då skjer det som av og til kan skje når eit band av dette kaliberet og erfaringa bestemmer seg for å setje inn det berømte ekstragiret: det seier klikk, og den berømte dreisen berre er der. Når dei glir over i It’s Only Rock’n’Roll gnistrar det av bandet. Ei låt som har blitt spelt i bortimot førti år vil ofte ha eit innslag av autopilot over seg, men her har den fått eit nytt liv og versjonen svinger og strutter. Det same kan i stor grad seiast om Street Fighter Man, og det er herlig at bandet motstår fristelsen til å spele ein rask versjon, som dei ofte har gjort tidlegare. Låta er spelt i det korrekte, sugande midttempoet som låta opprinneleg hadde. Bandet er definitivt tilstade og føler på låtane sine no. Og når kameraet gir oss eit sjeldant glimt av Charlie Watts bak trommene, ser vi jaggu eit svært sjeldant kjempeglis – eg falt nesten av stolen! Og Charlie er ikkje den einaste. Bandet veit no at dei har full kontroll, og det synes.

Bandet viser fleire av sidene sine denne kvelden. Ruby Tuesday er ei melankolsk låt som berre får større tyngde med åra, og den sit som eit skot. Eg får nesten ein klump i halsen når fleire av kamera av og til har fanga opp og kviler på ei rekke enkeltpublikummerar av den eldre garden som står for seg sjølv. Dei er tydelig rørt og fanga opp av anledninga. Kanskje var dei her også i 1969? For mange av oss har det vore ei lang reise med bandet, og her gir bandet annerkjennelse til fansen. Eg er den typen som raskt lar meg irritere av overstadig fokus på publikum på bekostning av bandet, men desse glimta var intet mindre enn rørande.

Alt dreier seg ikkje om nostalgi. Gloom & Doom er ei ny låt, som i mine øyrer attpåtil er den beste dei har spelt inn på over 30 år. Det er herlig å sjå bandet drage den ut av ermet, og oppleve at den står som ein påle ved sidan av alle klassikarane.

Etterkvart kjem augeblikket som mange har venta på. Gitt at Hyde Park i 1969 var Mick Taylor sin første konsert med bandet, er det svært morsomt at bandet har funne tonen igjen med Taylor, og når han dukker opp på scena undervegs i konserten er det historiske suset til å ta og føle på. Bandet sparker i gang Midnight Rambler, og tida har nesten stått stille. Det er nesten så det blir vått i augekroken når ein ser samspelet bandet legg for dagen, og gleda over å spele saman igjen. Ikkje minst når resten av bandet tek eit steg bakover og lar Taylor stå åleine i rampelyset og framføre ein lang versjon av ein av sine klassiske gitarsoloar. Herregud så glad eg kan være i dette bandet av og til!

Avslutningsvis får vi ei hitparade som svært få band kan vise til, alle spelt med ein intensitet og eit sug som ein ikkje forventer av band som har haldt det gåande så lenge. Når ein har spelt ei låt så mange gongar at ein kunne spelt den i søvne, ender den ofte nettopp opp med å høyres ut som om den blir spelt i søvne! Det er heldigvis langt ifrå tilfelle her. Jumpin’ Jack Flash, Sympathy For the Devil og Brown Sugar har ein herlig snert i seg, og bandet legg for dagen ei fandenivoldskheit som band berre 1/3 av alderen til gutta i The Rolling Stones (Mick er 70!) kan misunne dei.

Blu-ray disken:
Denne konserten finst tilgjengelig i alskens forskjellige format, frå DeLuxe-boks med bok, Blu-ray, DVD og CD, til fleire enkeltståande film- og musikkformat. Vi har sett på den enkle Blu-ray pakka.

Filmen kjem i vanleg blått omslag med BD-logo. Innhaldet er ein enkel Blu-ray disk samt ein fin booklet på 16 sider. I denne finn ein eit velskrive essay av Richard Havers om konserten, fleire bilder og diverse relatert informasjon/utgivingsdata.

Eg elsker bildet dei bruker på dette omslaget! Det har eit lite utsnitt av den enorme scena i Hyde Park nede i venstre hjørne, og ein ser deler av publikumhavet nede i høgre hjørnet. Men blikket og fokuset er heva, og ein ser oppover mot ein himmel som på en eine sida er blå, men på den andre nesten oransje av ein flott solnedgang. Heile omslaget er utruleg stemningsfullt, og alle elementa har sin plass i denne konsertfilmen.

Baksida viser låtliste, enkel omtale av konserten, samt vanleg kreditering og faktabokser.

Ved oppstart er vi kjapt innom ein Eagle Rock Entertainment-trailer før hovedmenyen, der «It’s Only Rock’n’Roll» speler over eit bakgrunnsbilde frå omslaget. Menyvala er Play, Song Selection, Bonus Tracks (meir om det under) og Audio Options (LPCM Stereo og DTS-HD Master Audio).

Bildet:
Utandørskonsertar har eit stort potensiale i bruken av lyssettingar. Mange av mine eigne favorittar er der bandet går på i dagslys, vi opplever skumringa undervegs, og det heile blir avslutta i nattbelysning med støtte av lysriggen til bandet. Dette er akkurat den tilnærminga vi får også denne gongen, og det er noko heilt eige ved å bruke naturens eige lysshow på denne måten. Å sjå scena bade i det oransje lysskjæret frå solnedgangen er eit syn som ingen lysrigg i verda hadde klart å gjenskape like bra. Det er rett og slett magisk.

Og då er det også svært gledelig å sjå at dette er genialt oppfanga av kamera. Utgivinga byr på ei skarp AVC-enkoda 1080i-overføring i 2.35.1, som framstår som veldefinert med bortimot ingen svakheiter.

Konserten er fanga opp med mange kamera i mange vinklar. Inkludert fleire som er på scena like ved gutta. Ein føler virkelig at ein er der, men eg grip meg i å lure på korleis alle kamerafolka påvirka opplevelsen til dei som var der. Dei må jo ha vore ein vesentleg del av det som skjedde på scena dei også.

Filmen inneheld ein del arkivmateriale som er av synleg dårligare kvalitet enn resten, utan at eg reknar det som noko negativt i denne settinga.

Lyden:
Ein kan velje mellom to lydspor på denne utgivinga: LPCM 2.0 Stereo og DTS-HD Master Audio. Begge spora gjengir konserten på framifrå måte. The Rolling Stones er kjent for eit smått kaotisk sound, der gitarane kjem og går, og hvis Keith dropper ut plukker Ronnie opp att. Dette kan være vanskelig å mikse, men miksen er velprioritert og godt balansert.

Mick sin vokal ligg på toppen og sentralt, med god distribusjon ut over kanalane av dei andre elementa. Gitt at bandet har mange støttespelarar med seg på scena i form av keyboards, hornseksjon, bakgrunnsvokal m.m., er det sannsynlegvis litt av eit puslespel å mikse det i 5.1, men dette er gjort veldig smakfullt med bandet sine hovedspelarar i førarsetet.

Publikumslyden har også sin plass i lydbildet, og fungerer så bra at det nesten er bandet sitt hemmelige våpen på denne konserten. Den overdøver aldri, men bidreg enormt til atmosfæren. Det er meir «oooooh» enn «AAAAAH», som når riffet til Start Me Up blir sparka i gang. Gåsehuda som forskriftsmessig dukker opp er definitivt også laga av suget og jubelen som går gjennom publikum. Veldig, veldig bra.

Skal ein pirke så kjem ein ikkje utanom at nokre av gitarsoloane skjærer gjennom, men på den andre sida: slik låt det, og slik får ein det servert. Det er ikkje ønskeleg at musikken eller lydbildet skal polerast alt for mykje som del av mikseprosessen heller. Sånn sett er miksen veldig ærlig, og rett og slett svært god.

Bonusmateriell:
Ein får tre ekstra låter i bonusseksjonen som ikkje er med i sjølve konsertfilmen. Eg er glad for at dei blir med på denne måten, for samtlege er låter av den typen som ikkje alltid er spelt og som ein (i alle fall eg!) dermed kanskje set litt ekstra pris på.

Låtanane er Emotional Rescue, Paint It Black, og ikkje minst min eigen favoritt Before They Make Me Run, som Keith som alltid syng med stor overbevisning.

Er det feil å ønske seg litt meir dokumentarisk bonusmateriale frå filmen? På den andre sida er det ikkje sikkert alle har godt av å sjå kva Mick Jagger driv med i garderoben før bandet går på scena.

Oppsummering:
The Rolling Stones har sluppe ei rekke konsertfilmar dei siste åra, ikkje minst Shine A Light frå 2008 som blei regissert av Martin Scorsese og lansert som kinofilm. Evner Sweet Summer Sun å skilje seg ut frå mengda og framstå som noko meir en berre nok ein konsert i rekka?

Mitt svar på det er klart ja, og det er fleire aspekt som eg meiner gjer denne konserten spesiell:

Bandet speler i London og ein kan fysisk sjå på dei at dette betyr noko ekstra. Det er nesten sjarmerande å høyre dei snakke om kva det betyr for dei å «kome heim igjen»; å opptre foran heimepublikumet. Det virkar nesten som om bandet er litt nervøse på grunn av dette, samtidig som det tenner dei. Når noko betyr litt ekstra for ein sjølv ønsker ein sjølvsagt at det skal bli best mogleg, og dette meiner eg bandet tek med seg på scena og leverer ein knallkonsert.

Settinga er også heilt unik. Dette er ikkje ein stadionkonsert (på anna vis enn storleiken) – det er ein konsert i ein park. Det merker ein godt, og sjølvsagt betyr det noko. Det visuelle uttrykket, stemninga, kjensla av at dette er ei unik oppleving som ein kanskje ikkje får att.

Det historiske suset over anledninga betyr kanskje meir for dei av oss som er opptatt av rockehistorie og kjenner bandet, men gjer ein det er dette desto vanskeligare å ignorere. Ein reflekterer kanskje litt ekstra over alle åra som har gått sidan forrige gongen dei spelte her, og skulle ein gløyme dette hjelper filmen på ved å by på spedte tilbakeblikk undervegs frå den dagen i 1969, i tillegg til små arkivklipp og kommentarer frå bandet som set ting i samanheng. Dette er med på å gi filmen ein reflekterande dimensjon som kler den veldig godt.

Det aller største for fansen er dog at Mick Taylor er tilbake i bandet som gjestemusikar på denne turneen, der bandet altså feira 50-års jubileumet sitt. Taylor har vore sakna av veldig mange, og hans tilbakekomst på denne turneen har vore ein musikalsk triumf som har ført til både ekstase og gledestårer. Det var i Hyde Park at Taylor starta si musikalske reise med The Rolling Stones, og at han er tilbake att på Hyde Park som del av sin siste rundtur med bandet er intet mindre enn rein poesi.

For mange vil dette uansett «berre» være ein rockekonsert med eit band som har holdt det gåande veldig lenge. Og det er heilt greit. Forhåpentlegvis vil også dei utan det djupe forholdet til bandet finne glede i ein god rockekonsert med eit tent band som viser glede over å framleis kunne levere varene foran eit takknemmelig publikum.

Anledninga er også i seg sjølv enorm. Scena kunne knapt ha vore større utan å begynne å utvide parken. Og folkehavet – sjå på folkehavet! Ein har kjensla av at ein overværer ein folkefest eller ei anledning heilt utanom det vanlege. Det er svært få band som i dag kunne ha stabla på beina eit event som dette.

Ein lar seg unekteleg fascinere over bandets utrulege popularitet, den rutina bandet legg for dagen, og evna bandet har til å heve seg i spesielle anledningar. Trass i at Mick Jagger er (og skal være) ein uangripelig og sjølvsentrisk frontmann, er det ei ekte jordnærheit i bandet si tilnærming som eg trur dei fleste i publikum merker. Dei kom frå gata, og sjølv om dei står på ei scene som er større enn enkelte sentraleuropeiske statar har dei framleis dette aspektet ved seg.

Den tekniske kvaliteten på utgivinga er framifrå, men ein får definitivt ikkje alt for mykje på bonussida. Like fullt er dette ein av dei bedre konsertutgivingane til The Rolling Stones så langt. Noko som rett og slett ikkje seier så reint lite.

Karakterar:
Konserten: 10
Bilde: 9
Lyd: 9
Bonus: 4

Konklusjon:
Eg tullar ikkje: ein av dei beste konsertutgivingane til The Rolling Stones er eit faktum.

Media

Svein Børge Hjorthaug

FILMANMELDER
H
igh-def.no
E-post

Bli fan på Facebook:
HIGH-DEF.no • VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no • JAMESBOND.no • John Berge • 007SHOP.no

Besøk andre nettsider fra JB Forlag:
VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no  JAMESBOND.no • 007SHOP.no • JOHNBERGE.com

Nyhetsarkiv

« October 2017 »
Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
            1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31          

Følg High-def

 

 

FB anbefalinger