onsdag, 12 februar 2014 00:00

Blu-ray-anmeldelse: «Pacific Rim»

Written by 

«Gigantrobotar! Kjempemonster! Ein actionfest av dimensjonar!» Med desse orda er dette anten ein film du ikkje får sett fort nok, eller noko du vil unngå for kvar ein pris.

Videogramfakta:
Pacific Rim (Blu-ray)
Warner Bros / 2012 / 131 minutt
Video: 1080p HD 16x9 1.85:1
Audio: DTS-HD Master Audio English 5.1
Utgivingsdato: 04.12.2013

Filmen:
Guillermo del Toro var lenge engasjert som regissør og historieutviklar for Hobbiten-trilogien, men han endte opp med å trekke seg frå regissørjobben til fordel for Peter Jackson. Del Toro er ein velmerittert filmskapar, kanskje spesielt kjent for å inkludere element av fantasi, eventyr og/eller gotisk skrekk, og ikkje minst visuelt nydelige produksjonar. Mange lurte difor på kva som kom til å bli hans neste prosjekt etter at han forlot Hobbiten. Lenge såg det ut som det skulle bli ein filmadapsjon av H.P. Lovecraft si episke historie At the Mountains of Madness, men prosjektet blei dessverre lagt på is. Del Toro satt imidlertid ikkje stille lenge. Historia vil ha det til at Lovecraft-filmen blei kansellert på ein fredag, og alt måndag signerte regissøren under for prosjektet Pacific Rim. Det hjalp sjølvsagt at Del Toro alt var involvert i den filmen på produsentsida, men kunne no ta ei djupare og meir direkte rolle.

Pacific Rim er på overflata ein oppdatert tributt til den klassiske monsterfilmsjangeren (med titlar som The Colossus og Godzilla) med sterke element av sci-fi og action. Det er ein ekte blockbuster og gigantproduksjon i ordets rette forstand. Sjeldan har eg sett ein film som følast større enn denne. Alt er stort, gigantisk, enormt, og ser vanvittig dyrt og påkosta ut.

Det er utruleg morsomt å sjå ein slik film i ny og ne, men samtidig held ein pusten. Filmane med enorme budsjett og visuelt fyrverkeri er nemleg ifølge alle oppleste og vedtatte stereotyper ofte ansett for å være desto svakare på historie, plott, djubde, karakterutvikling og alle dei klassiske kvalitative kategoriane. Del Toro var nok smertelig klar over dette, for han produserte flust av materiale som adresserte akkurat dette. Alt for mykje viste det seg, for han endte opp med å kutte over ein time med materiale frå filmen, og likevel er den over to timar lang.

Det var – nærast sjølvsagt – materialet som utforska karakterane, forholda dei imellom og bakgrunnsmateriale om konflikta fram til no som blei fjerna. Det finst framleis element av dette i filmen, men det blei tona ned til det aller mest naudsynte. Om det seier Del Toro «vi kan ikkje late som om dette er Ibsen med monster og gigantrobotar – eg presenterer ikkje ein djup refleksjon over menneskeheita. Det er ein fantasi, ein underhaldningsfilm.»

Filmen tek stad i ei nær framtid der monstertrusselen ikkje lenger kjem frå verdsrommet, men frå ei ravine på botnen av Stillehavet. Plutselig dukkar det opp enorme og livsfarlige vesen som går under namnet Kaijus. Desse kolossale monstera tek seg inn mot land og forårsakar store øydeleggingar. For å kunne forsvare seg mot desse har menneska designa og bygd massive robotar kalla Jaegers som blir brukt i kamp mot monsterkjempene. Monstera utviklar seg over tid og blir sterkare, og når dei i tillegg tek til å kome oftare blir det vanskelig å bygge robotane like kjapt. På det tidspunktet filmen starter går krigen mot vesena ikkje spesielt godt og er inne i ei kritisk fase.

I rulleteksta på slutten av filmen kan ein lese ein dedikasjon til Ray Harryhausen og Ishiro Honda, to gigantar i filmhistoria innan tidleg monsterfilm-animasjon. Det er ikkje berre ein fin gest, men seier også noko om kva filmtradisjonar Pacific Rim identifiserer seg med.

Charlie Hunnam (m.a. kjent frå Sons of Anarchy-serien) har hovedrolla som eks-Jaeger-piloten som blir oppsøkt av leiaren for Jaeger-divisjonen, i form av Idris Elba (m.a. kjent frå The Wire-serien, Thor og Prometheus). Sjå også opp for Ron Perlman i ei ubetaleleg rolle som svartebørs-mogulen som handlar med kroppsdeler frå dei forskjellige monstera!

Filmen kinodebuterte den 12. juni 2013, inkludert IMAX 3D-framsyningar, og den fekk generelt gode kritikkar. Spesielt dei visuelle effektane og actionsekvensane fekk veldig bra skussmål. Filmen var ein moderat suksess i produksjonslandet USA, men gjorde det svært bra internasjonalt og endte til slutt opp med ei total kinoinntening på over 411 mill. USD.

Blu-ray disken:
Filmen kjem i typisk blått omslag med BD-logo. Innhaldet er to Blu-ray diskar i region B (filmdisk og bonusdisk), eit innlegg med unik kode for nedlasting av digital kopi av filmen, samt eit lite reklamevedlegg som viser andre nye filmar som også inneheld digital kopi.

Omslagsbildet viser i hovudsak ein av dei gigantiske Jaeger-robotane. Ein kan skimte ein by prega av kamp bak den, og ut frå storleiken på bygningane forstår vi at det er snakk om ein gigantisk robot. Den skyt ned mot eit eller anna ubeskrivelig vesen som ligg nedst på omslagsbildet – omslaget røper med andre ord ikkje for mykje om vesena som menneska kjemper mot. Filmens tittel er plassert tvers over midten av omslaget.

Baksida har enkel omtale av filmen (på engelsk og finsk!), bilder, info om den digitale kopien som er inkludert, samt vanleg kreditering og faktabokser.

Filmen bruker kanskje litt over gjennomsnittleg tid på oppstart, og det kjem også eit loading-symbol på skjermen. Deretter kjem i tur og orden ein Warner Bros Home Video trailer, ein meget kjapp rettigheitsplakat, ein trailer for filmen Gravity (kan skippast) før ein til slutt går inn i menyen.

Sjølve menyskjermen består av eit stort stillbilde frå filmen, samt alternativa «Play», «Scene Selections» (15 avsnitt), «Audio» (sju alternativ), «Subtitles» (16 alternativ, inkl. alle nordiske) og «Special Features» (meir om dei under).

Bildet:
Gjer deg klar for ein ny demodisk! Dette er ein disk der ein har lov å forvente svært mykje av det visuelle, og noko anna enn demomateriale hadde for å være ærlig vore ein nedtur for denne typen film. Når det er sagt evner filmen like fullt å imponere, rett og slett fordi kombinasjonen av det episke innhaldet i seg sjølv og krystallklar HD løfter kvarandre opp eit nivå.

Filmen blei spelt inn med Red Epic-kamera. Del Toro hadde først bestemt seg for å ikkje spele inn eller konvertere filmen til 3D, men ombestemte seg. Eg er ikkje verdas største fan av 3D, men har kjensla av at sjølv 2D-versjonen av filmen har hatt godt av 3D-tilnærminga og gir tidvis ei slags 3D-kjensle. Den kjem sjølvsagt først og fremst på grunn av fantastiske kontrastar, botnsolide svarte nivå, og ikkje minst fantastisk fargebruk – i enkelte sekvensar eksploderer nærast fargane over skjermen, men i andre deler blir dei brukt til å gi ein smakfull aksent.

Lyssettinga på Pacific Rim er perfekt. Sjølv om mykje av filmen tek stad i det som skal være dunkle omgivnader, evner filmen å gi denne illusjonen av dunkelheit samtidig som alt viser klart og godt. Denne filmen får dette til å sjå veldig enkelt ut, men som fleirtalet av filmane der ute demonstrerer er det motsette tilfelle.

Lyden:
Eg er svært entusiastisk for dette lydsporet og veit nesten ikkje kvar eg skal begynne. Filmen er ein blockbuster av dimensjonar, og lydsporet følger opp dette på alle måtar. Miksen er konstant dynamisk og kraftfull, med samtlege av kanalane maksimalt brukt for optimal effekt i bortimot samtlege scener. I sekvensane med fly glir lyden frå eine til andre sida med ein herlig sugande effekt. Når Jaeger-robotane går i nærkamp med monstera merker vi kvart eit slag, kvar ei bølgje, og ikkje minst effektane på området, landskapet og bygningane rundt dei. Her skal du ha på subwooferen, og skru den på høgt! Den rumlar dog til tider så kraftig at om den står på eit bord skal du setje den ned på golvet først.

Lydsporet er dog langt meir enn konstante krasj, boom og bang (sjølv om det er ein viktig del). Miljøet og stemninga i filmen er ganske trykka til tider. Verda har blitt ein annan plass å leve i på grunn av dei konstante monsterangrepa, og lydsporet bidreg stort til den trykkande ambiensen ein føler.

Lydsporet plasserer publikum effektivt i sentrum av alt som skjer. Filmen har ein enorm visuell bombast som lydsporet utan problem følger opp, og sjølv om eit slikt lydspor skal gi jernet på dei rette plassane er det viktig at det ikkje skjer heile tida. Det skal være dynamikk, ambiens, atmosfære og trykke på forskjellige knappar til forskjellige tidspunkt. Det får ein her!

Bonusmateriell:
På dei to diskane i 2-Blu-ray versjonen av filmen er det aller meste av ekstramateriellet plassert på den andre disken.

På den første disken får ein:

  • Kommentarspor med Guillermo del Toro. Er ein fan av Del Toro eller Pacific Rim, og ikkje har eit problem med tjukk aksent, er dette eit spor det er vél verdt å lytte til. Han forklarer det aller meste av vala rundt filmen, i tillegg til å nærast gjere dette til ein guide til korleis lage film. Seansen er også veldig personleg, og han går langt i å innrømme det han betraktar som sine eigne svakheiter og korleis han omgår dei. Han er tydelig stolt av Pacific Rim.
  • Fokuspunkt (62 minutt). Dette er ein serie på 13 smådokumentarar som til saman dannar ein lengre dokumentar om filmen. Ein kan sjå dei samanhengande, eller kvar for seg.

På den andre disken får ein:

  • The Director's Notebook. Dette er som namnet indikerer ei slags digital notatbok, der ein kan lese Del Toro sine idear, konsept og inntrykk. Ein flipper gjennom «sidene», og ser fleire handskrivne tekstar (som blir omsette til engelsk ved å trykke på eit ikon) og videosnuttar. Interessant for å få eit inntrykk av korleis regissøren jobbar og hans kreativitet.
  • Behind the Scenes: Drift Space (5 minutt). Ein kort dokumentar som viser sekvensar i langsam kino med pilotane av Jaeger-robotane i aksjon. Det skjer veldig mykje på veldig kort tid i desse sekvensane.
  • Behind the Scenes: The Digital Artistry of 'Pacific Rim' (17 minutt). Om designet og utforminga av nokre av spesialeffektane i filmen.
  • Behind the Scenes: The Shatterdome. Dette opnar ein undermeny med ei stor samling innhald frå pre-produksjonen. Ein har m.a. fem animerte videosekvensar (totalt ca. 10 minutt), 12 Keiju-konsept (som alle inneheld galleri med konseptskisser), sju Jaeger-konsept (igjen med galleri), to kostymekonsept og åtte lokasjonskonsept.
  • Sletta scener (4 minutt). Vi får fire sletta scener her på om lag fire minutts total speletid. Ikkje akkurat enormt når vi veit at Del Toro fjerna over ein time med materiale frå det som vart sluttresultatet, men forhåpentlegvis var dette det mest interessante.
  • Bloopers (4 minutt). Alltid ein personleg favoritt, og dei forskjellige uttaka med moro skuffar ikkje denne gongen heller. Scener som gjekk feil, gløymte replikkar, folk som har det moro bak kamera og får andre til å le – alt ein venter er her, men igjen, fire minutt er garantert berre toppen av isberget og litt meir kunne gjerne ha vore inkludert.

Når det er med så mykje ekstramateriale at ein må legge ved ein ekstra disk for å få plass til alt, er ein definitivt på rett veg. Det gledelige med materialet som er tilgjengelig denne gongen er at Del Toro personleg verkar å ha vore djupt involvert, og han har delt veldig mykje om den kreative prosessen og korleis han jobbar med film. Det er mykje å fordøye her, og berre dei aller mest iherdige vil klare å kome gjennom alt saman. Gjer ein det vil ein samtidig ha lært mykje om filmfag av ein av dei største nolevande regissørane. Del Toro byr definitivt meir av seg sjølv enn andre regissørar gjer i same settinga. Kudos!

Oppsummering:
Eg er ikkje heilt sikker på kva forventningar eg hadde overfor Pacific Rim, men eg var kanskje moderat optimistisk? Eg forventa ikkje all verda ut over at dette kunne bli visuelt imponerande og ganske så underhaldande. Dette i seg sjølv hadde gjort opplevinga heilt godkjent. Ingenting kunne dog ha førebudd med på dei 17 opningsminutta. Denne sekvensen er visuelt sett heilt enorm, og når filmlogoen omsider kjem på skjermen etter denne sekvensen oppdagar ein at ein sit heilt anspent i stolen og er heilt med – og dette er kun opningssekvensen? På 17 minutt? Bevare meg vel!

Historia er solid underhaldning og eg kan ikkje førestille meg at den vil skuffe dei delane av publikum som har eit snev av aning om kva dei går til. Filmen plasserer seg sjølv solid i den klassiske monsterfilmtradisjonen, men ved å introdusere gigantiske kamprobotar som går i strupen på desse meir eller mindre utrulege vesena blir resultatet noko vi aldri har sett tidlegare. Resultatet er «larger than life», og det er rett og slett kombinasjonen av episk action saman med perfekt teknisk gjengiving i høgdefinisjon som gjer dette til ei ekstraordinær oppleving. Actionsekvensane er svært kreative, og det har nok betydd veldig mykje for sluttresultatet at ein kapasitet som Del Toro har regissert. Hans styrker innan det visuelle og kreativiteten hans har nok blitt nytta til fulle, samtidig som det utan tvil har krevd sin mann. Med ein mindre dyktig regissør hadde ikkje filmen sett like bra ut, og actionsekvensane hadde sannsynlegvis vore meir ordinære.

Eg skulle gjerne ha sett denne filmen på IMAX 3D, men denne pakka er gjort så bra at ein vil få veldig mykje ut av eit heimeoppsett også. Legg vi til dei enorme mengdene bonusmateriale blir dette summa summarum ei fantastisk pakke for fans av action/Sci-Fi.

Karakterar:
Filmen: 8
Bilde: 10
Lyd: 10
Bonus: 10

Konklusjon:
Skulle ein ha sansen for episk action med ein dæsj sci-fi, kan eg ikkje kome på mange kjøp som stiller før denne i køa.

Media

Svein Børge Hjorthaug

FILMANMELDER
H
igh-def.no
E-post

Bli fan på Facebook:
HIGH-DEF.no • VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no • JAMESBOND.no • John Berge • 007SHOP.no

Besøk andre nettsider fra JB Forlag:
VIDEOMAGASINET.no • KINOMAGASINET.no  JAMESBOND.no • 007SHOP.no • JOHNBERGE.com

Nyhetsarkiv

« December 2017 »
Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
        1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 31

Følg High-def

 

 

FB anbefalinger